02.10.20
Folkerepublikken Kina feirar sin 71-årsdag medan store deler av verda er midt oppi ein langvarig kamp mot covid-19 på åttande månaden. Kinas primære koronastrategi har heile tida vore å redda liv, ikkje å redda økonomien; landet har hatt smitten under kontroll i fleire månadar alt, og livet her går omtrent som normalt. Om mindre enn to månadar vil ei covid-19-vaksine høgst sannsynleg vera tilgjengeleg. Aldri har det kinesiske folkets støtte til styresmaktene vore større enn no.
Berre det kinesiske folket kan fella ein kvalifisert dom over sitt eige styresett og det samfunnet dette styresettet har vore med og bygd opp. Me andre, som observerer frå utsida, har nok også ei meining om Kina, men den får vera underordna det kinesiske folkets dom.
Høgrekreftene i Vesten er nok mest i sorg over at kommunistregimet har overlevd nok eit år, og uttrykkjer kanskje respekt, men lite glede, over Kinas suksess - kanskje fordi utviklinga i landet minner dei om kor feilaktige deira utviklingsteoriar er, nemleg:
at vestleg valdemokrati er ein føresetnad for utvikling
at fri marknadsøkonomi er overlegen ein politisk styrt økonomi for vekst
at Vestens politiske styringsmodell er overlegen eit "tungrodd eittpartistyre"
Kina har prova at dette er tomme påstandar, fulle av ideologi, men utan substans.
Venstresida i Vesten har i beste fall eit ambivalent forhold til Kina, og lid under det syndromet eg kallar "vegringssosialisme"; dvs. at ein er så opphengt i høgthengande sosialistiske ideal at ein mest aldri kan gje si støtte til land som kallar seg sosialistiske, i frykt for den pragmatiske røyndommen.
Om ein skal forstå Kina må ein alltid ha i tankane den kinesiske sivilisasjonens historie, kultur og religiøse mangfald, samt geografisk og demografisk kompleksitet og storleik. Landet deler grense med 14 land, er nasjonalstat for folk med ulik kultur og religion, og har 264 gonger Noregs folketal.
At det siviliserte Tyskland kunne bli eit krigersk diktatur i løpet av få år, at det politisk dysfunksjonelle USA i dag balanserer på grensa til kaos, at regimeskifte Vesten har støtta med "gode hensikter" (og krig) dei siste tiåra oftast har ført til oppløysing og kaos, bør minna oss om kor kort det er mellom sivilisasjon og kaos; dagens kinesiske leiarar har dette i tankane, og god kunnskap både om eiga og andres historie og samtid.
Vestlege media skriv om Xinjiang utan å skriva om terror-åtak, om Hong Kongs tryggjingslover utan å skriva om langvarig gatekaos, om demokrati i Hong Kong utan å nemna 150 års engelsk demokratilaus kolonihistorie. Vis meg ei ytring i vestlege media fram til 1997 som var bekymra for kronkolonien Hong Kongs manglande demokrati! Hendingar dei siste åra fortel meg at Vesten, stilt overfor tilsvarande religiøs terrorisme som i Xinjiang, eller tilsvarande kaos og hærverk som i Hong Kong, ville tydd til minst like strenge tiltak som det me har sett i Kina (om ein då ikkje trur på fantasiproduktet om ein million i fengsel).
Fire hendingar og fire tiår
I dei fire tiåra eg har observert Kina blinkar eg meg ut fire viktige hendingar:
For det fyrste startskotet for ei eksperimenterande økonomisk utvikling på tidleg åttital, og alt det førte med seg av skapande krefter for utvikling og vekst
For det andre Kinas medlemskap i WTO i 2001, som for alvor gjorde Kina til verdas fabrikk
For det tredje Kinas vellukka navigering under finanskrisa i 2008, med viktige infrastruktur-investeringar og effektive tiltak for stabil utvikling, som drastisk minka det materielle gapet mellom utviklingslandet Kina og rike land
For det fjerde (men kanskje litt tidleg å fastslå); Kinas sers vellukka administrative og politiske tiltak i kampen mot covid-19, og så langt den einaste store økonomien i verda som har klart seg godt gjennom denne krisa; skal me våga den påstanden at Kina også denne gongen raskt vil minka velstandsgapet mellom Kina og rike land?
Vesten kan visst ikkje leva utan fiendar. Kan hende er det ein arv frå vår kristne "sivilisasjon" der kampen står mellom den gode Kristus og den vonde Satan. Kristus er alltid oss, medan Satan openberrar seg i ulike land til ulike tider, men stort sett alltid i land som vågar å staka ut ein kurs uavhengig av Vesten. No er NATO på jakt etter nye fiendar; Kina og Russland skal no demoniserast og rustast mot.
Her er kort oppsummert stoda i Kina på 71-årsdagen; vel sjølv om det er grunn til glede eller frykt:
eit godt utdanningssystem opent for alle og med låg grad av diskriminering
grunnleggjande helse og pensjon finansiert av det offentlege og ein velferdsstat under utbygging
høg sysselsetjing med både kvinner og menn i arbeid
absolutt fattigdom utrydda i år; økonomisk utvikling med uttalt mål at den skal vera til gode for folk flest
stor personleg fridom, men ikkje politisk valfridom
informasjonsstat seier nokon, kontrollstat seier andre
fleire tiårs solid og stort sett krisefri økonomisk vekst utan "hjelp" frå verken krig eller kolonial utbytting; ein samfunnsøkonomi med god balanse mellom tenesteyting og industri, offentleg og privat
avansert fysisk og teknisk infrastruktur (hurtigtog, flyplassar, motorvegar, internett, 4G/5G, ny energi, elektrifisering av offentlege og personlege transportmiddel)
teknologisk leiarskap innanfor fleire felt (5G, kunstig intelligens, mobile tenester, logistikk, IT)
høg grad av samfunnstryggleik
eit land aktivt i internasjonale organisasjonar og internasjonalt avtaleverk
kompetent forvaltning og aktiv kamp mot korrupsjon
urban middelklasse med moderat kjøpekraft, men med betydeleg netto formue
pulserande økonomi i store deler av landet; sektorvis svært innovativ
tydeleg internasjonal strategi basert på ikkje-innblanding og "belte-og-veg"-strategi for felles utvikling
kompetent politisk leiarskap i kriser
Min konklusjon er at me har mykje å gleda seg over i lag med det kinesiske folket på 71-årsdagen.