17.03.20
Klassekampen har tydelege standpunkt på mange område, men når det gjeld utanrikspolitikk er avisa meir eit venstristisk diskusjonsforum enn ein rettleiar for eit radikalt og sosialistisk blikk på verda. Nettstaden steigan.no i alt sitt mangfald er mykje meir til å bli klok av om verda omkring oss enn Klassekampens spalter.
Klassekampen har langt på veg akseptert det anglo-amerikanske verdsbiletet: Avisas kulturjournalistikk om tilhøve utanfor Norden er gjennomsyra av amerikana spesielt og anglo-amerikansk kultur generelt. Skal tru om ikkje dette fargar redaksjonens politiske blikk på verda utanfor?
Klassekampen lid av ei sjuke på venstresida som me bør kvitta oss med snarast – den at bare land som er bortimot utan feil er verd vår støtte. Me treng ikkje måla oss mot reinleikens vaktarar i norske media (Hagtveit, Rossavik, Stanghelle og andre), som er raske med peikefingeren når venstresida støttar land som ikkje tilfredsstiller deira krav. La desse skribentane leva i si ideale verd, der dei sit på sine kontor og deler ut karakterar til oss som meiner og vil noko.
Klassekampen bør aktivt promotera den multipolære verda, og akseptera at me må dela denne med land som me ikkje har meir til felles med enn eit ynskje om ikkje å vera dominert av hegemonen USA.
Eg saknar Klassekampens tydelege praktiske standpunkt mot det amerikanske hegemoni, ikkje teoretiske analyser av dette. Kor er vår støtte til land, langt frå perfekte, når dei hevdar sin rett og ikkje vil underordna seg pax americana - Iran, ex-Libya, Syria, Kina, Nord-Korea, Cuba, osv.?
Avisa kunne også teke til motmæle mot ein seigliva myte i vår del av verda: At vestlege land, i deira respons mot trugsmål mot t.d. valdeleg islam er så mykje mildare og meir sivilisert enn «dei andres» mot det same.
Eg saknar Klassekampens kontante avvising av vestlege absurde krav om at land truga av vestleg manipulasjon, sanksjonar og endåtil invasjon skal utvikla demokrati og eit opent sivilt samfunn før dei er vår støtte verd.
Eg saknar Klassekampens skepsis mot alle menneskeretts-rapportar med opphav i Vesten eller finansiert med midlar frå Vesten; dei har nesten alltid ein annan agenda enn bekymring for menneskerettar.
Derfor:
Syria er verd vår støtte ikkje fordi systemet er perfekt, men fordi landet ikkje vil underordna seg pax americana, og fordi det etter kvart er opplagt at Assad faktisk kjempar mot valdelege islamistar (som rett nok opererer under mange namn).
Uighur-rapportane må takast med all mogleg skepsis fordi dei så tydeleg er regisserte med ein anti-kinesisk agenda. Klassekampen kunne skrive om kor tynt faktagrunnlaget for skuldingane mot Kina er (dokumentert av Max Blumenthal, Grayzone), og om kvifor det bare er vestlege land som protesterer mot Kina (og ingen muslimske), og om bakteppet for Kinas drastiske tiltak i Xinjiang.
Med ynskje om utanriksdekning med eit vidare perspektiv!