JAKTA PÅ DEN SANNE SOSIALISMEN
Sendt til Klassekampen, men ikkje publisert.
Sindre Mørk og Anders Ekelands innlegg 31. juli 2021 om sosialismens vilkår i Kina tek tak i ein viktig debatt, men tilhøyrer samstundes ein favorittsjanger på venstresida i Noreg: Jakta på den sanne sosialismen.
Kinesisk revolusjonshistorie
Skribentane skisserer dilemma i kinesisk revolusjonshistorie, og hevdar at folkerepublikkens historie ikkje byrjar med jordreform, med med tvangskollektivisering med påfylgjande utbytting, går over i ineffektiv tvangs- og mangeløkonomi med privilegier for eit lite mindretal, og endar opp som statskapitalisme. Denne analysa har eitt hovudproblem – 1,4 milliardar kinesarar og truleg langt over 100 av verdas land er djupt usamde med Mørk og Ekelands analysar og konklusjonar.
Kva er sosialisme?
Mørk og Ekeland forklårer ikkje korleis den sanne sosialismen ser ut, men antyder at «uten politisk frihet, uten arbeiderklassens demokratiske makt på alle nivåer i samfunnet, så har man ikke sosialisme». Men med ein så smal definisjon eksisterer sosialismen bare i partiprogram og i hovudet til rettruande som Mørk og Ekeland, og det er også vanskeleg å tenkja seg korleis ein norsk sosialisme kan byggjast med deira utgangspunkt, for i vårt land er også sosialistiske parti tekne over av intelligensiaen (slike som Mørk og Ekeland), og den klassiske arbeidarklassa er sterkt desimert eller ho langtidspendlar frå Litauen og Polen.
På same vis som det er mange slags kapitalisme – frå den mest undertrykkjande militærdiktoriske til den mildaste nordiske velferdskapitalisme går det også an å tenkja seg mange utgåver av sosialismen, tilpassa tid, stad, kultur og utviklingsnivå.
Det er freistande å påstå at Mørk og Ekelands avvising av ein sosialisme anna enn deira eigen skriv seg inn i typisk vestleg arroganse, der det bare er våre vestlege samfunnsmodellar, og i vårt tilfelle, Mørk og Ekelands sosialismemodell, som er akseptable. Mørk og Ekeland er i alle fall ikkje nådige i sin bastante dom over sosialismens magre kår i Folkerepublikken Kina; deira karakteristikk av Deng Xiaoping som «vandrar på kapitalismens veg» kunne kanskje tyda på at deira kunnskap om det moderne Kina treng ei oppdatering.
Sosialisme med kinesisk særpreg
For meg, og truleg også dei mange kinesarar som har levd eit heilt liv under sosialismen, er oppfatninga av kva sosialisme er og ikkje er ikkje så komplisert, og i tillegg ganske romsleg og inkluderande: Sosialisme er eit samfunnssystem som ikkje er styrt av kapitalkrefter, som er anti-imperialistisk og fredselskande, og som har som sitt etos og si viktigaste oppgåve å heva levestandarden for det breie lag av folket, både med omsyn til utdanning, helse, kultur, deltaking i arbeidsliv og politikk, og materielle kår, og som gjer dette på mange vis – ved god planlegging og organisering, ved eksperimentering, og ved å frigjera skapande krefter. Men under sosialismen er det også konflikt mellom ulike interesser og klassar, og verken produksjon, fordeling eller demokrati er utvikla til fulle.
Det kinesiske folket såg i tillegg ei anna oppgåve for sin sosialisme – å atterreisa den kinesiske sivilisasjonen etter over hundre års audmjuking frå vestleg imperialisme.
At kinesiske revolusjonære gjekk laus på desse formidable oppgåvene med sosialisme som samfunnsmodell var etter Mørk og Ekelands vurdering fånyttes!
Eit dårleg utgangspunkt
Det er nødvendig å forstå historia for å ta inn over seg storleiken, omfanget og kompleksiteten til det kinesiske samfunnet, og ikkje minst utgangspunktet i 1949 – med 20 millionar daude etter okkupasjon og borgarkrig. I 1949 var Kina verdas ellevte fattigaste land; forventa levealder var 36 år, og rundt 80 prosent var analfabetar. Kina kunne ikkje produsera ein einaste bil. Men i heile perioden frå 1949 fram til reformperioden (1978) var årleg økonomisk vekst over fem prosent. Forventa levealder steig med eitt år kvart år i heile denne perioden som Mørk og Egeland skriv så nedlatande om. Og at denne perioden utelukkande var prega av kaos, stagnasjon og ineffektivitet er forresten ein myte som ser bort frå ei utvikling av rekkje ikkje-økonomiske faktorar som var heilt nødvendige for å byggja eit moderne samfunn, så som utrydding av sjukdom, etablering av eit grunnleggjande helsesystem, landreform, betring av sanitære forhold osv. Det sosiale, økonomiske og teknologiske grunnlaget bygd i løpet av Folkerepublikkens fyrste tretti år la grunnlaget for den årlege hyperveksten på rundt ni prosent under reformperioden frå 1978 og i tretti år frametter; ein vekst som i stor grad også viste att på lønnsslippen til vanlege folk.
Rask vekst
Ingen økonomi i eit stort kapitalistisk land har nokon gong hatt høgare økonomisk vekst enn Kina. Og den kinesiske sosialismen har makta det inga form for kapitalisme (verken statleg eller privat) kunne fått til i eit så stort land og på så kort tid – å utvikla eit samfunn som har lyfta 850 millionar ut av fattigdom, heva forventa levealder til vårt nivå, lagt grunnen for større likskap mellom kvinner og menn, gjeve ni års obligatorisk utdanning og eit ikkje-elitært høgare utdanningssystem, gjeve grunnleggjande helsetrygd for alle, gjeve stor grad av personleg fridom, høg grad av tryggleik, velfungerande byar utan slum, og verdas største middelklasse, og til og med makta driva ein ganske effektiv distriktspolitikk.
Folkets dom
Over 90 prosent av folk i Kina meiner at deira samfunn, leia av kommunistpartiet, har levert over all forventning. Dei er heller ikkje i tvil om at det kinesiske samfunnssystemet bør kallast sosialisme, sjølv om Mørk og Ekeland openbart er av ei anna meining.
Sikring av kommunistpartiets moralske autoritet gjennom kamp mot korrupsjon, satsing på miljø, grøne byar, utbyggjing av velferd og fattigdomsutrydding har styrka, ikkje svekka, sosialismen i Kina. Truleg er den kinesiske varianten av sosialisme fundert på verdiar langt unna Mørk og Ekelands ideal, men det er verdiar som er i harmoni med kinesisk kultur og tradisjon. Og for den kinesar som for eit par år sidan ikkje var heilt overtydd om fordelen ved «sosialisme med kinesisk særpreg» har tvilen forsvunne som dogg for sol etter å ha opplevd styresmaktenes effektive og menneske-sentrerte innsats og mobilisering i kampen mot covid-19, samanlikna med inkompetanse og ineffektiv vingling mellom omsyn til økonomi, rettighetsjuss og helse i det rike Vesten.