Stavanger, 4. oktober 2026
Det har gått ein interessant diskusjon på venstresida om ein demonstrasjon i Oslo 7. oktober, som det visstnok er svært viktig å ikkje ta del i. Denne diskusjonen illustrerer vestverda (inkludert vestverdas venstreside) sitt syn på undertrykte: Dei skal synast synd på som objekt, men fornektast som handlande subjekt. Hamas, Hezbollah, Iran og Ansar Allah (houthirørsla) støttar motstandskampen der palestinarane er subjekt, og dette kan vår venstreside ikkje godta. Sjuande oktober-hendinga hadde ingen ting med terrorisme å gjera; det var eit desperat fangeutbrot frå utandørskonsentrasjonsleiren Gaza. Viss Raudt og SV syns det er greitt å gje våpen til Ukraina, så burde dei fremja framlegg på Stortinget om tilsvarande våpenleveransar til palestinarane. Men me anerkjenner ukrainarane, europearar som dei er, som handlande subjekt, og dermed fortent vår aktive støtte, medan motstandskamp i det globale sør med eit handlande subjekt ikkje bli anerkjent som legitim. Venstresidas medynk er godt nok for dei.