20.03.20
Kva er rett namn på viruset?
Det er lett å le av Trump & Co. som omtalar viruset som "framand virus" eller "Kina-virus", men det er ikkje lenge sidan norske media gjorde det same:
Her er ei e-postutveksling eg haddee med Aftenposten i 6. februar:
Eg skriv:
"Ser at Aftenposten nokså konsekvent skriv om "Wuhan-viruset". Det kan med fordel omtalast som coronaviruset, så slepp me unødvendig stigmatisering. Generelt bør ein unngå merkelappar; me kallar ikkje HIV-viruset for homo-virus, me kallar ikkje minister Sanner for kommunemordar, me kallar heller ikkje Støre for bombeminister."
Aftenposten svarer:
"Vi har hatt noen runder på dette.
Hei et godt spørsmål du bringer opp.
Coronaviruset ligger bak veldig mye helt alminnelig og ufarlig forkjølelse. Så når vi mener den nye typen coronavirus som ble oppdaget i Wuhan, skriver vi altså Wuhan-viruset.
Vi mener det er mer nøyaktig. Vi omtaler gjerne coronaviruset eller setter det i parentes bak "Wuhan-viruset" når vi omtaler det.
NTB som distribuerer innhold om dette til hundrevis av norske aviser og nettsteder har lagt seg på samme praksis.
Millionbyen Wuhan er hardt prøvet under det sykdomsutbruddet som pågår, men vil nok bli forbundet med dette, uavhengig om norske medier bruker navnet eller ei. "
Ja, så feil kan ein ta.....
Store byar i Kina utanom Wuhan
Eit paradoks: Kvifor er det så få smitta i store kinesiske byar utanom Wuhan? Shanghai og Beijing, med til saman over 40 millionar innbyggarar, har til saman om lag 800 smitta til no.
Beijing med 21 millionar innbyggarar har totalt sett omtrent like mange smitta som Oslo med 0,7 mill. Så få smitta er inga belastning på helsesystemet i Beijing, så tiltaka her har i hovudsak vore administrative - strenge, men effektive:
karantenehotell for alle med mistanke om smitte (ikkje heime), med smitte, og alle med smitte i nær familie
streng kontroll med sosialisering; me kan gå inn og ut av vårt eige nabolag, fritt bevega oss rundt i byen, men ikkje gå på besøk til folk som bur i andre nabolag
konsekvent bruk av munnbind, utan unntak
Restaurantar og butikkar der folk samlast har vore stengte for besøk, men ikkje matbutikkar. Restaurantar har også vore opne for matbestilling til heimen.
Karantene i Kina tyder noko heilt anna enn karantene i Norge; her er det separate karantenesentra for dei med mistanke om smitte, i Norge vasar ein rundt heime og på hytta i lag med familie (og delvis) venner.
Kina og Korea har insistert på bruk av munnbind, norske og utanlandske ekspertar insisterer på at det er meir eller mindre unyttig.
Når ein her har lukkast så godt i å hindra spreiing i store byar, kan det tenkast at dette munnbindet har ein funksjon?
Stenging av grenser
Beijing stenger no grensene til utlandet (har ikkje vore stengt til no), og praktiserer karantene slik: Alle som kjem med fly frå utlandet blir møtte på flyplassen og tekne til karantenesentra, der dei må vera i 14 dagar.
Har me lært noko?
Me trur ofte at verda ikkje blir den same etter store hendingar, men her er eg meir pessimistisk. Verda er no omtrent den same som før finanskrisa - selskap og vanlege folk har lån til oppover øyra, ikkje minst i Norge.
På privatplanet: Kjem me til å reisa mindre etter dette? Klemma mindre? Gå mindre ut? Ta oss mindre i andletet?
På samfunnsnivå: Kjem me til å bygga opp lager av kritisk medisinsk utstyr? Vil styresmaktene ta meir politisk styring i liknande situasjonar? Vil me bygga ned globaliseringa?
Når støvet legg seg vil det truleg bli nedsett eit granskingsutval som vil foreslå meir sentralstyrt "kompetanse", kanskje etter modell av politireformen....