18.01.24
Vil tildelinga av Nobels litteraturpris til forfattar og katolikk Jon Fosse setja i gang ein debatt om det moderne mennesket og det religiøse? Her er nokre strøtankar frå ein syttiåring som har gått frå protestantisk barnetru, ungdommeleg bedehustru, religiøs interesseløyse, eksplisitt ateisme, og til slutt til ei mildare form for religiøst interessert ateisme.
Eg har levd fleire tiår i Kina, som kanskje best kan karakteriserast som eit sekulært, men samstundes multireligiøst samfunn. Det kulturelle grunnfjellet er sett saman av daoisme, prega av naturmystikk, av konfusianisme, med vekt på etiske val mellom menneske, og buddhisme, importert frå India for om lag 2000 år sidan, men etter kvart sterkt påverka av kinesisk kultur. Her er ingen gud (eller gudar) i vår forstand, men den kinesiske folkereligiøsiteten har er rekke gudeliknande vesen.
Når ein lever i denne kulturkrinsen er det lett å slå fast at religion ikkje er ein objektiv føresetnad verken for etisk refleksjon eller for eit meiningsfullt liv. Vårt abrahamittiske religionsomgrep med ein autoritær gud som styrer alt, passar heller ikkje her. Konfusianisme er meir moralfilosofi enn religion. I buddhismen og daoismen er det også vanskeleg å peika på autoritative dogme; det er meir eit flytande, overlappande og til dels dynamisk mangfald.
Lat oss tenkja oss tre aspekt av det religiøse: Religion som forteljing, religion som kjensleoppleving, og religion som tankesystem.
Store deler av Bibelens gamle testamente, det nye testamentets evangelium og apostelgjerningane gjev oss religion som forteljing. Paulus freistar setja saman kristendommen som tankesystem - sterkt utvikla utover middelalderen. Det er ikkje mange skrifter i Bibelen (kanskje med unntak av det gamle testamentes poesi) som viser oss religion som kjensleoppleving, men det fins ein rik tradisjon for dette; Meister Eckard og andre mystikarar er døme på det.
Kristendommen som forteljing har to høgdepunkt i det norske kyrkjeåret - jul og påske. Kristendom som filosofi og tankesystem har mindre og mindre plass i norsk kristenliv, men lever nok på seminar, bibelskular og teologiske fakultet. Kristendom som sanseleg oppleving er på frammarsj. Slik opplevingskristendom finn me både som ekstrovert og til dels ekstatisk tilbeding i ymse frikyrkjer, men også i deler av den norske folkekyrkja. Introvert tilbeding i form av mystisisme og kontemplasjon har det vore lite rom for i norsk protestantisk kristendom. Det er truleg ikkje få norske sjeler med hang til det mystiske som har konvertert til katolsk kristendom - Jon Fosse inkludert. Paradoksalt nok har ortodoks kristendom, der mystisisme har ein mykje breiare plass enn i katolsk kristendom, hatt lite appell til norske mystikarar.
Så står det att å sjå kva for aspekt av den religiøse treeininga av forteljing, dogme og oppleving som overlever. Eg vågar meg på ein påstand: Deler av den kristne forteljinga vil overleva, men episke element relatert til synd, soning og offer vil etterkvart bli borte. Kristendommens dogme og tankesystem vil gå ei hard tid i møte; ikkje mykje av tankegodset i Den apostoliske truvedkjenninga vil vera liv laga i ei norsk folkekyrkje på sikt. Kristendom som ekstatisk tilbeding vil truleg alltid ha ein viss appell, medan kristendom som mystisisme og kontemplasjon vil overleva som domene for spesielt interesserte (som Jon Fosse og likesinna).