04.06.21
Det er mange gode grunnar for å avskaffa dødsstraff, noko både Amnesty International og dei fleste norske media tek til orde for, men kan hende er dødstraff eit av dei mindre problematiske mord som den moderne staten går god for og utfører?
Dødsstraffmotstandaren argumenterer for avskaffing av dødsstraff uansett kor bestialsk eller omfangsrikt mordet eller morda er. Men burde ikkje same prinsipp kunna overførast til nokre andre statsmord?
Her er døme på nokre tidsaktuelle statsmord:
- Attentat og mord (der dronekrig er ein variant), som til dømes mordet på Ghadaffi og Suleimani; både forskarar og politikarar i Vesten (også i Noreg) har argumentert for at slike mord er akseptable.
- Unnlatingsmord i form av dødsfall som fylgje av grov inkompetanse (men ikkje mangel på ressursar) i katastrofar, som til dømes det amerikanske (og delvis europeiske) politiske systemet har gjort seg skuldig i under noverande pandemi; mange hundre tusen er daude i løpet av det siste året.
- Angrepskrig der ein sjølv ikkje på noko vis er truga; det er nok å nemna Irak, Syria og Libya; mange millionar drepte og skada.
Truleg ville heile den norske politiske eliten som vedtok norsk bombing av Libya slutta seg til ein kampanje mot dødsstraff, utan at dei på noko viss såg den moralske bresten i sin eigen logikk.
Kan hende er kampen mot statsmordet dødsstraff ein menneskerettskampanje som er spesielt tilpassa Vestens rådande diskurs om kva som er sivilisasjon, og kva som ikkje er det, og kva for statsmord som er akseptable, og kva for nokre som ikkje er det?