• Nettstaden båt og blogg er for deg likar segling og roing, som nyt stilla på sjøen, men som òg kan engasjera deg, og somme tider forarga deg, over det som skjer i samfunnet - både det litle norske og det store verdssamfunnet.


    Båtinformasjonen som er presentert her reflekterer skribentens skiftande interesser over mange år - frå kajakk og kano, til tradisjonell seglbåt, og no til trimaran med segl.


    Bloggen har politisk brodd - ofte mot vestverdas hybris og hegemoni; sjølvsagt prega av fleire tiår som Kina-observatør.


    Familieselskapet Norseman AS har i over tjue år praktisert nullvekstfilosofi....


    Før du les vidare - bli inspirert av litt maritim poesi:

    Du var vinden
    Eg er ein båt
    utan vind.
    Du var vinden.
    Var det den leidi eg skulde?
    Kven spør etter leidi
    når ein har slik vind!
           Olav H. Hauge, Dropar i austavind (1966)

    Me siglar ikkje same havet

    Me siglar ikkje same havet,
    endå det ser so ut.
    Grovt timber og jarn på dekk,
    sand og sement i romet,
    djupt ligg eg, seint sig eg,
    stampar i broddsjø,
    uler i skodde.
    Du sigler i ein papirbåt,
    og draumen ber det blå seglet,
    so linn er vinden, so var er bylgja.

               Olav H. Hauge, Dropar i austavind (1966)

    Jeg spiler min vinge, hejser mit sejl

    Jeg spiler min vinge, hejser mit sejl,

    suser som ørn over livssjøens spejl;

    agter går mågernes skare.

    Overbord med fornuftens ballast kun!

    Kanhænde jeg sejler min skude på grund;

    men så er det dog dejligt at fare!

           Henrik Ibsen, Kjærlighedens Komedie (1862)


    Eg ligg her seglbudd 

    Eg ligg her seglbudd; alle mastrer svagar

    i brotsterk byr, og skaut og toppsegl svell

    som kjempebringur; skuta styn og ragar

    og rullar sidemots, og toga smell

    som svipeslag mot rærne; vinden jagar

    med milelange tilsprang, stupefell

    med song i segla. Maa det noko breste? 

    Kor hardt fyrr ankerklørne slepper feste! 


    Eg totte her var gode festegrunnar, 

    eg kasta anker i so djup ein sjø, 

    i djupnom gapte sterke grjotbergmunnar

    um staalet — ja, dei trudde det var brød. — 

    Aa, hjarterøtenn fann dei same brunnar

    som ankerlekkja, og fann grorastød. 

    No lyt dei breste; fyr kvar taag som raknar

    ein saarverk-styng i hjartemergen vaknar. 

                       Olav Nygard, Ved vebande (1923)