Her er min favoritt nynorskpoet med eit dikt om ein aldrande hest; kva dikt passar vel betre for ein som er fødd i 1954, altså i hestens år?
TIL GAMPEN MIN
frå diktsamlinga Ved vebande av Olav Nygard
Å kjær venen min, Pegasus, lever du enn?
Å eg tok til å tru du var all.
Ja sjølv takk du, fyr sist! Men kva er det som brenn
i dit auge, og doggar din stall?
Å god tuftekall unnte deg vatn og salt
til det tårebrygg-tipl som renn
yve hangande mule. Gud veit det var alt
som du fekk. Og du lever då enn?
So du småhumrar, stallgamp, og lettar på hov?
Er du beisk, eller er det humør?
Ja hugs fyrr, då stod auren i sprut når du grov
og tok kuten til solfjells mot sør.
Men eg tykkjer det vivrar der namn til ein veng?
Ja so sant der er heiltupp eit par!
Nei no lær eg meg skeiv, eg vert sjuk, lyt i seng.
Berre flott inni feigda, du far!
Å so lavøyrd og lusken, du; luggen og mån-
en i villfloke, hårhamen heng
i ditt turrskinn som tafstogge skrytgras og skrån
ikkje skytråvar lenger, min dreng?
Nei no fæler eg............alt vert til skugge og sky -:
er du krubbebit og, arme gut?
Aa du byrgnasa alemor, jord, ver kje kry,
du er gravmerkt send sjaundarbod ut.
_ _ _ _
Eller var det i draum me fann uppveg og leid
gjenom dynjande himlar ein gong
då på solskodd og sylvfaksa skyer me reid
med ein morgonbjart stjerneher song?
Og då draumen lik brestande skumblørur sprang
stod me jordfast med beinbrotne kne
og må beite i klunger på skuggedals-vang
med vår vonlause lengsel å ve!
Ordforklåringar
aur; grus og småstein
ta kuten: leggja på sprang
feigd: å vera feig
lavøyrd: med øyre som heng
dynjande: dundrande