Publisert i Dag og Tid fredag 27. mars 2026
Krigsprologen var Irans handsaming av demonstrasjonar i januar, kontekstlaust rapportert utan å nemna sanksjonar, valutamanipulasjon og utanlandsk demonstrasjonsdeltaking. Norske medium (Dag og Tid inkludert) følgde opp med informasjon som set Iran i verst mogleg ljos – massakrar, kvinneundertrykking, «mullahregime» og «terrorismestøtte» ved å støtta motstandskamp mot Israels okkupasjon.
Det journalistiske grunnarbeidet var dermed lagt for å eksponera det iranske styresettet som moge for skraphaugen, som ein «skugge av seg sjølv» (Cecilie Hellestveit 13. mars), så kvifor ikkje prenta nekrologen på førehand, spreidd over to utgåver av Dag og Tid?
Iran har eit høgt utdanna folk, utmerkte universitet med ein kvinnedel på over 60 prosent, jordbruk, industri og utvinning av olje og gass. Det har eit desentralisert forsvar og ei organisatorisk djupne som toler både politiske og religiøse attentat.
Golfstatane er sårbare familiediktatur med importert arbeidskraft og ein ressurs- og finansbasert økonomi i tett militært og økonomisk samarbeid med både Israel og USA. Ingen av dei har fordømt angrepet på Iran. Det seier seg sjølv at dette ikkje kan gå godt.
Trumpregimets mål er uklåre, men i tillegg til å hjelpa Israel er nok krigen ein del av ein større strategi for å dominera flyt av olje og gass, spesielt i retning Kina.
Den israelske settlarstatens mål er å vera den dominerande makta i Vest-Asia, og metoden er attentat, øydelegging og degradering av Irans kapasitet til å fungera som samfunn.
Irans mål er stenging av alle amerikanske militærbasar i regionen, krigserstatning, oppheving av sanksjonar og ein slutt på regionale krigar.
Angriparen hadde satsa på ein kort og øydeleggjande regimeendringskrig, medan Iran var førebudd på ein lang, asymmetrisk militær og økonomisk utmattingskrig, retta mot Israel og amerikansk nærvær i Persiabukta. Hormuzsundet kontrollerer Iran ved å oppretta verdas største «bomstasjon» for kontroll av gjennomfart, valuta og betaling.
Iran krigar med avanserte og presise einvegsdronar og rakettar, og landet er eitt av tre land i verda som har hypersoniske rakettar – truleg hovudgrunnen til at amerikanske krigsskip held seg mange hundre kilometer frå Irans kyst.
Iran har i praksis kontroll over heile Persiabukta, og har kapasitet til å øydeleggja natur- og næringsgrunnlaget for dei mindre arabiske nabostatane. Iran peikar med rette på at det er angriparen, ikkje den angripne, som er ansvarleg for det krigen fører med seg for verdsøkonomien.
Mykje tyder på at Irans kombinasjon av dronar og rakettar har utarma rakettforsvaret både til golfstatane og Israel. Iran har ikkje tømt ammunisjonslageret og har heller ikkje fått produksjonskapasiteten øydelagt. Det politiske vest har grovt undervurdert Irans kapasitet. Det har fordømt Irans militære motstand mot åtaket, men ikkje USA og Israels angrep anna enn som ei saksopplysning.
Det politiske vest viser selektiv omsut for både menneskerettar og sivile dødsfall. Nært samarbeid med golfdiktatura er problemlaust, medan Iran må sanksjonerast. Folkemordstaten Israel kan ha atomvåpen, men ikkje Iran.
Iran har i lang tid sett det som langsamt går opp for oss – at ein israelsk settlarstat, basert på rasistisk og ekspansjonistisk ideologi som ikkje har rom for det palestinske folket, og som vil dominera, ikkje leva i sameksistens, med sine naboland, er eit hovudproblem for regionen.