Beijing, 19. februar 2025
Publisert i Dag og Tid 21. februar 2025
Dei siste dagars hendingar har gjeve oss høve til å halda opp ein spegel mot oss sjølve. Me har vore vitne til rå stormaktspolitikk, der USA som den dominerande stormakta i vår del av verda set til side sine allierte og tyr til brutal makt, i tillegg til at ein kritiserer og blandar seg inn i europeisk politikk.
Her kan me trekkja ut ei rekkje lærdommar:
1. Noreg er sjølv fullt og heilt dominert av ei stormakt; vår forsvars- og utanrikspolitikk har i nesten åtti år vore underlagt amerikansk politisk dagsorden, prioriteringar og kulturelle narrativ slik dei har endra seg frå tid til annan.
2. Stormakters interessesfærer er politiske realitetar som også Noreg har godteke så lenge me har vore underlagt USAs tryggleiksordning. Det bør ikkje undra oss at andre stormakter, i tillegg til USA, også har sine interessesfærer. Dei siste tretti åra, der heile verda har vore USAs interessesfære, har vore eit historisk unntak, ikkje ein regel.
3. Hendingane i det siste har til fulle vist at europeiske land og EU i praksis er amerikanske vasallar, ikkje i stand til å skapa fred eller hindra krig på sitt eige kontinent. Tryggleiksmodellen med eit ekspanderande NATO og eit Russland-ekskluderande Europa som basis for eit fredeleg Europa har feila.
4. USAs kritikk av europeisk politikk, og det europeiske ubehaget som me har vore vitne til på grunn av denne innblandinga, burde mana til større audmjukskap når våre politikarar vitjar andre land med pålegg om å "ta opp menneskerettar og mangelfullt demokrati".
5. Geopolitikk er brutale greier; kan hende er kløktig navigasjon uavhengig av stormakter, eller proklamert nøytralitet, like trygt som medlemskap i ein militærallianse? Gode døme på dette er Austerrike, Sveits, Singapore, Vietnam, India, Indonesia, Sør-Afrika og mange andre land.
6. Prinsipp, ikkje verdiar, må vera grunnlaget for mellomstatleg politikk. Insistering på at verdiar er politikk, og dei mange inkonsekvente og hykleriske standpunkt dette har resultert i, har gjort oss til latter i store deler av verda: Me er for vern av ukrainsk suverenitet, men mot tilsvarande for Libya, Serbia og Syria; for opptøyar i Hong Kong, men mot det i Frankrike og USA, for væpna revolusjon i Ukraina, men mot det i Noreg, for våpenhjelp til Ukraina, men mot det til Palestina, for tilsidesetjing av opposisjon og innskrenking av demokrati i Ukraina, men mot det i Russland, for undertrykking av minoritetar i Ukraina, men mot det i Kina.
Alt i alt skal me vera takksame for at noverande administrasjon i USA har gjeve oss ein augneopnar som me fortener.