07.02.24
PST har offentleggjort si trugsmålsvurdering for 2024. Det var vel ikkje overraskande at det er USAs favorittfiendar som også trugar Noreg - altså Russland, Kina, Iran og Nord-Korea. Rapporten fortener eigentleg bare sarkasme, så eg sende fylgjande e-post til PST:
Kjære PST!
Mykje kan seiast om NTV 2024, men eit minstekrav bør vera at det er innhaldet, og ikkje eit demagogisk språk, som skal synleggjera trugsmålet.
Rapporten nyttar uttrykket "den kinesiske partistaten" fleire stader i publikasjonen. Det er ingen tradisjon i norske publikasjonar for eit slikt omgrep; me skriv "Kina" eller "Folkerepublikken Kina", og ikkje "den kinesiske partistaten". Med PSTs val av språkbruk er ein freista til å tru at NTV eigentleg handlar om Den gule fare og Trugsmålet frå aust. Når PST nyttar eit slikt demagogisk verkemiddel svekkjer det argumentasjonen, og styrkar mistanken om at NTV 2024 for ein stor del er klypp og lim, og ikkje eigne, sjølvstendige vurderingar.
Kort om innhaldet:
I fylgje NTV er det fire-fem land som trugar Noreg - dei fleste av dei fleire tusen kilometer unna, og to av dei på heilt andre kontinent: Russland, Kina, Nord-Korea, Iran, og til dels islamistar i Syria (men ikkje tilsvarande i Libya og Irak). Dei fleste av desse landa meistrar teknologi langt overlegent vesle Noregs (til og med Nord-Korea), så kva fordel skulle dei ha av å spionera på Noreg, anna enn som del av eit "asiatisk komplott" mot fredselskande Noreg?
Kjære PST: Kva med intergalaktiske angrep i cybersfæren og trugsmål frå aggressive sivilisasjonar i andre solsystem for å gjera trugsmålet komplett?
Helsing Erik Klepsvik