15.08.23
Vestverda fortvilar over at det globale sør ikkje kjøper forteljinga om dei vonde herskarane i Russland og Kina, undrande over at land i sør ikkje skjønar at Russland er i ferd med å byggja eit nytt imperium i Europa, og Kina eitt i Asia (med forgreiningar til Afrika og Latin-Amerika); at engasjementet for Ukraina er den mest effektive motstanden mot slike imperier.
Samstundes er det globale sør like frustrert over at store deler av vestverda ikkje skjønar at "Den gode hegemon" USA (med vasallar rundt omkring, inkludert Noreg), som vil alle vel med fridom, demokrati og menneskerettar, eigentleg er ei ekspansiv imperialistmakt for global dominans og innordning, til lite glede for land i sør, at USA og vestverdas engasjement for Ukraina ikkje handlar om prinsipp og verdiar, men er ein del av denne ekspansjonen.
Akk ja, det er ikkje lett, men må eg velja er eg mest solidarisk med det globale sør.