CE klasse A
lengd skrog 10,00 m (33 fot)
lengd vasslinje 8,30 m
breidd 3,24 m
djupn finnekjøl med blybulb 1,80 m
vekt om lag 6 tonn
høgd under dekk:
– forpigg 1,83 m
– salong 1,90 m
ballast 1,8 – 2,15 tonn
ferskvasstankar 440 l
dieseltank 250 l
mastehøgd over vatnet 14,8 m
skrogfart om lag 7 knop
Yanmar 40 HK dieselmotor (3JH3E)
baugpropell
rekkevidde for motor om lag 400 nautiske mil
seglareal (storsegl og genua) 59 m²
- storsegl på rullemast 26 m²
- genuafokk på rullestag 33 m²
- krysserfokk på rullestag 19 m²
-stormfokk 6 m²
- gennaker i strømpe 71 m²
byggjeår 2004
Alt eg har meint om båt til no har teke utgangspunkt i kva som passar for meg og min båtbruk. Men i løpet hausten 2025 kom eg til den sannkjenninga at det er like viktig å veta noko om kva ynskje familie og venner har til båtlivet. Dette er gjerne personar som kan lika å vera i lag med meg, men som ikkje nødvendigvis likar båtliv og segling.
Då kan eg for det fyrste gløyma små fartøy utsette for vêr, vind og bølgjer, der ein i hovudsak må sitja ute under seglasen.
Så her er mine oppdaterte båtlivskriterier for sosiale gamlingar:
handtering av segl må vera trygt og enkelt; her vinn sjølvsagt djunkeriggen, men ymse ordningar med bermudarigg eller andre riggar, der alt kan styrast frå cockpit, er òg akseptable
vekt og storleik kan vera problematisk, men god manøvreringsevne i form av sterk nok motor, baugpropell, og effektivt ror, kan kompensera for dette; vekt og storleik betyr mest inn og ut av hamn, ikkje i open sjø
komfort er lokkemiddelet om du vil ha med passasjerar som eigentleg ikkje likar båtliv; det tyder ståhøgd under dekk, utsyn mot sjø og kyst under dekk, toalett, varme om bord, og ei god bysse for matlaging, og ikkje minst eit skrog som er stødig i sjøen
ein seglbåt der ein må sitja ute under seglasen har, for oss gamlingar, ein brukssesong på 3-4 månadar i året; skal ein forlenga sesongen med ein tradisjonell seglbåt må ein kle på seg, for slike båtar kan ikkje navigerast under dekk
båten skal ikkje vera for gammal, og heller ikkje vera for krevjande med omsyn til vedlikehald; eksternt treverk, teakdekk osv. vil eg gjerne unngå
Konklusjon
Skal ein ha heilårs seglbåt med komfort, er ein dekkshus seglbåt best. Små dekkshus seglbåtar (under 30 fot), som polske Haber og danske LM, har styreposisjon under dekk, men ikkje sitjeplass for passasjerar i dette området; dei må framleis sitja i "kjellarbustaden" eit par trapper ned, og då er eg nesten like langt. Elles er båtar med halvopne styrhus mogleg, som på Hallberg-Rassy 94 Kutter - i ly for vêr og vind, ikkje med sitjeplass for fleire, og heller ikkje lunt og varmt.
Motorseglarar seglar oftast ikkje godt, og det er mange slike til sals; gjerne over 35 fot. Men eg vil gjerne ha ein båt som er god å segla, og som heller ikkje er for stor - helst ikkje over 10 m (33 fot). Det er svært få så små dekkshus seglbåtar, og ingen i produksjon lenger. Eg likar godt både tyske Sirius 32, finske Nauticat 321 og danske Nordship 35 DS. Dette er båtar med godt gjennomtenkt interør, men diverre ofte med utvendig treverk (t.d. teakdekk) som må vedlikehaldast.
Det er svært få brukte dekkshus seglbåtar på den norske marknaden; nokre fleire i Norden/Europa. Ein slik båt vil kosta om lag 2 millionar kroner etter at norsk mva er betalt. Nye båtar vil kosta mellom 7-10 millionar (inkl. mva).
Men so fann eg ein Nauticat 321, bygd i 2004, til sals her i Noreg; teknisk oppgradert, solid og godt bygd, utan utvendig treverk som må vedlikehaldast, gode segl, dobbelt fokkestag (solent-rigg), 12 V og 220 V elektrisk anlegg, overdimensjonert lithium batteribank, solceller, to kartplottarar, vindinstrument, AIS, VHF, radar, varme om bord, bysse, toalett og dusj, to lugarar, ein sterk 40 HK dieselmotor, baugpropell, styreposisjon inne og ute, hydraulisk styring og autopilot, og anker både på hekk og baug. Nauticat 321 er ingen rask seglbåt, men det djupe, u-forma skroget gjer at båten vil vera komfortabel, spesielt i dårleg vêr. Eg kjøpte han i oktober 2025, og båten blir henta i Horten våren 2026.