Utmelding og innmelding
I 2014 melde eg meg ut av Den norske kyrkja, hovudsakleg fordi eg ikkje forstod kvifor ein allmektig Gud skulle vera so oppteken av menneskets organ og aktivitetar frå skrittet og opp til navlen. Kyrkjas påstand om at synspunkt om underliv og samliv er spesielt viktige for vårt syn på menneskeverd og verdiar ser eg ingen prov på er sant.
Tolv år etter har denne striden lagt seg, og Den norske kyrkja har etter kvart femna både vidt og breitt. Ho har gradvis nedvurdert synet på både livmor, underliv og seksualliv som rettesnor for trua, og overlete dette til oss sjølve, eller til terapeutar. Teologane er på retrett frå dette fagfeltet, heldigvis.
Etter utmeldinga valde eg å ikkje melda meg inn i eit anna trus- eller livssynsamfunn, heller ikkje det noko blodfattige Humanetisk forbund, og har dermed i over ti år gjeve mitt bidrag til auka offentlege utgifter, som til overmål har blitt fordelt på allslags religionar og trussamfunn som eg har mykje mindre til felles med enn Den norske kyrkja.
Som medlem i Den norske kyrkja kan eg no med godt samvit nyta godt av flotte kyrkjebygg og alt av sosialt (og religiøst) liv som kyrkjelyden steller i stand. Eg kan òg ta del i kyrkjelydens medlemsdemokrati, og røysta på kandidatar som er med på å dra kyrkja i ei retning som er meir i tråd med mine verdiar og synspunkt.
Sjølv reknar eg meg, med store delar av barndom og ungdom på bedehuset og i kristent ungdomslag, som ein teologisk interessert ikkje-truande. Medlemskap utan tru deler eg truleg med fleirtalet av medlemane i Den norske kyrkja.
Bibellesing
For om lag ti år sidan byrja eg lesa Bibelen frå fyrste Mosebok av, og kom so langt som til Salmane, som eg opplevde som lite truverdig og til dels meiningslaus lyrikk, so lenge ein ikkje trur på ein allmektig og omsorgsfull guddom som skal lovprisast på poetisk vis, så leseprosjektet fekk ein brå slutt. Eg var òg utmatta av uendelege ættetavler, lover, levereglar, erobringsforteljingar, hærtakingar, valdtekter og folkemord som krigarguden Jahve påbaud israelittane å utføra for å ta over Det lova landet og rydda andre folkeslag unna.
Det nye testamentet
I samband med ei nyvurdering av innmelding i Den norske kyrkja for eit par år har eg på ny fatta interesse for teologi, men no med utgangspunkt i Det nye testamentet.
Det nye testamentets forteljingar om Jesu liv og lære, og frelsesteologien til trusbyggjar Paulus, dannar rammeverket for denne hovudbolken av vår Bibel. Men mykje av Jesu etikk er endetidsetikk, tilpassa eit liv i påvente av eit gudsrike som Jesus trudde skulle skipast om kort tid. Og andre deler av Jesu kompromisslause etikk har mest til felles med etikken til Ibsens Brand, altså uråd å etterleva i det praktiske liv. Jesu imperativ om å gje opp jordelivet og fylgja han, er nett det motsette av det me treng for at det skal bli mogleg for åtte milliardar menneske å leva i lag med andre artar på jorda – me treng ressursforvaltning og langtidsplanlegging, ikkje etikk for eit kort jordeliv i påventa av eit gudsrike, og om dette seier Jesus ingen ting.
Arne Garborg som teologisk vegvisar
Men kanskje er det mogleg å krysta ut annan livsvisdom frå Det nye testamentet? Då kan eg ikkje tenkja meg ein betre rettleiar enn Arne Garborg, som gjekk frå gudstru til fritenkjing, og enda opp med ein slags gudlaus etikk-kristendom. Han skreiv om livssyn, religion og kristendom i alle sjangrar - fagprosa, essay, skodespel, poesi og romanar, både på dansk og på nynorsk.
Arne Garborg nytolkar Jesu lære i boka «Jesus Messias», som kom ut i 1906 ( men som aldri vart prenta oppatt).
Garborg konkluderer slik:
"Som Jødane hadde gravlagt Jesus, so hadde Heidningane gravlagt Tankane hans.
I Staden for aa høyre etter kva Jesus sagde hev Verdi no i snart tvo tusund Aar trætta med seg sjølv um kven Jesus var. Og i Staden for Jesu Lære heve me fengi Læra um Jesus.
Men Kyrkja vart til eit Rike av denne Verdi, og sidan til Tenar for Rike av denne Verdi. Vakt held ho no yvi Kronur og Herredøme og Eigedomar og Pengeskrin, og hjelper til med aa halde Styr paa dei fatige, som hev vorti arme og svelt, eller slæst med dei rike om Rikdomane deira. Sanne Jesus-Sveinar som ikkje kunde verra med paa slikt Vakthald, men heller fann Grunn til aa segja som Jesus: "usæle dé rike!" - vart dømde og fordømde jamt og stødt, av Verdi og av Kyrkja aat Verdi".
For Garborg er Jesus læremeisteren som preikar omsorg for dei svake, nestekjærleik og vilkårslaus tilgjeving. Garborg har ikkje sansen for Johannesevangeliets gnostiskinspirerte kvasifilosofi, og forkastar òg Pauli frelseslære. Der Jesus forkynner tilgjeving utan vilkår har Paulus innført tilgjeving, men med soning som vilkår, på det viset at Gud kan tilgje oss ikkje vilkårslaust, men med sin eigen son som sonoffer, som me må tru på for å få tilgjeving for våre synder. Garborg meiner Jesu vilkårslause tilgjeving står i motsetnad til Pauli tilgjeving med vilkår.
Det gamle testamentet
Sjølv meiner eg at Bibelens gamle testamente, kanskje bortsett frå litt poesi, og svært tvilsam "visdom", blant anna i Jobs bok, trygt kan setjast lengst bak i bokhylla, for denne to tredjedeler av vår bibel skriftfestar det ideologiske grumset som i over to tusen år har grunngjeve og rettferdiggjort både folkemord, etnisk elitetankegang, intoleranse og hat mot andre folkegrupper. Kyrkja i dag nyttar i hovudsak Det gamle testamentets lausrivne bibelvers her og der som "prov" på at Jesus var den jødiske Messias.
Essensen i Jesu lære - er ei nytolking liv laga?
Men no er eg altså medlem i Den norske kyrkja, med ei von om at essensen i Jesu lære kan breia seg. Frelse frå synd, forsoning med ein gud gjennom tru, evig liv etter dauden (men ikkje før fødselen), og ikkje minst misjonsverksemd, som stort sett har ført til elende, styrer eg gjerne unna (eit raskt blikk på den del av verda der kristen misjonsverksemd har rådd grunnen, som i Sør-Amerika og store deler av Afrika, har verken ført til utvikling eller gode samfunn).
Kanskje er ei nytolking av kristendommen liv laga; med ein tydeleg, praktisk og framtidsretta etikk for folk og samfunn, ei plassering av mennesket ikkje over, men som ein del av alt liv på jorda, og ikkje minst ein tilbaketrekt "gud" som me verken treng å be til, lovprisa eller gjera til lags; so slepp me òg å orsaka oss med den gudskapte «frie vilje» som søkt forklåring kvar gong menneske utfører brotsverk og skadeverk.
Dei siste to hundre åra har kristendommen gått gjennom ein langsam reformasjon - gjennom tekstkritikk, gjennom avskaffing av dei verste dogma (evig pine, helvete og kvinneforakt), og dei siste tiåra har kristendommen i hovudsak gjeve opp kontroll av forplanting og samliv. Av kristendommens grunnleggjande religiøse dogme står då frelselæra att; so langt har kyrkja vald å sjå bort frå det ein skal frelsast frå, og heller leggja vekt på det ein skal frelsast til, og kanskje er dette liv laga, men eg er i tvil.
Mitt andre heimland, Kina, har sin kulturelle basis i filosofi og religion utan ein handlande, dømmande og krevjande gud, og har derfor gjort integrering av sin kultur inn i eit moderne samfunn mykje enklare; her er inga kanonisk bok som må tolkast, men ikkje slik at kyrkja kjem på kant med "Guds ord".