Stavanger, 31. august 2025
Denne artikkelen er publisert i Dag og Tid, og er eit tilsvar til professor Atle Grønns språkturismerapport frå Ukraina: https://www.dagogtid.no/samfunn/sprak-pa-liv-og-dod/644047?code=e5939a1ad3f0b5bc&expires=2025-09-12&id=644047
---------------
Eg har lese professor og sjakkspelar Atle Grønns reportasjar frå Ukraina med interesse og undring. Sjakk er spelet der høg intelligens og lågt politisk gangsyn lett let seg kombinera.
Professoren er på turistreise i eit land som eg trudde var "fullskalainvadert" av Russland; forvitneleg då å lesa at Lviv er full av turistar. Og eg som trudde heile Noreg burde vera i offermodus for å redda Ukraina frå undergangen.
I ei setning skriv han om ei som fekk sparken fordi ho tala russisk, og at den språklege einsrettinga er "godt støtta av lovverket", i den andre setninga at språket lever sitt eige liv. Sanneleg!
Han skildrar Ukrainas kulturelle og språklege utrydding av alt russisk som om ein slik prosess er både rett og rimeleg, snarare frigjerande enn undertrykkjande.
Godt er det at Atle Grønn ikkje er integreringsminister i Noreg. Med oppskrift frå Ukraina, som han skildrar med ei viss begeistring, burde Noreg, om dei norskætta kjende seg truga av minoritetar, straks gå i gang med tvangsassimilering av alle minoritetar - bort med kvensk, samisk, og alle innvandrarspråk av nyare dato, alt for å verna om norsk kultur, både i form av sosial tvang og i lovs form. All sokalla morsmålsundervisning, altså undervisning på desse norskdomsøydeleggjande innvandrarspråka burde òg gjerast ulovleg. I kampen for den reine norske kulturen burde me òg leggja ned Sametinget, og forby økumenisk lutherdom, katolisisme, islam og andre framande religionar; ei snever og innoverretta norsk folkekyrkje kunne me behalda. Velkommen til det nye Noreg!