lengd 6 m
breidd 2,18 m
djupn 1,5 m/0,25 m
seglføring 19 m2
vekt 1000 kg med vassballast (600 kg utan)
Beijing, 19. februar 2025
Eg har no hatt min faldbare Corsair Dash 750 trimaran sidan våren 2023. Den sommaren gjekk stort sett med til eit stort husoppgraderingsprosjekt og pleie av ein skada fot grunna eit uhell, så det blei lite segling; men eg fekk installert solceller, autopilot og kartplottar. Sommaren 2024 blei helsemessig endå meir dramatisk enn sommaren året før, med ein stor, men vellukka tjukktarmskreftoperasjon, så den seglsesongen blei også avkorta.
Under rekonvalesensen, som var kombinert med ymse feiringar av min syttiårsdag, freista eg oppsummera kva med båten eg er nøgd med, og kva eg ikkje er fullt så nøgd med, og kva eg eventuelt kunne gjera betre; og skulle eg i det heile behalda båten?
Oppgradering og evaluering av min Corsair Dash 750
Eg fekk særs gode råd på forumet for Corsair- og Farrier-eigarar, og valde å behalda båten, men gjera nokre endringar for enklare bruk.
Ein seglmakar laga eit ekstra rev til i storseglet, sydde inn mindre diameter liktau som truleg gjer det lettare å heisa seglet, og laga ein mini sprutkalesje oppå luka. Eg kjøpte òg ein skrogduk som skal forhindra groing i båthamna (ikkje installert enno). Eg planlegg òg å installera landstraum våren 2025.
I bruk av båten er det er litt plunder med inn- og utfalding av sideskrog, men det er til å leva med; groing på sideskroga når båten er samanfalda er også irriterande. Men båten er lett å segla, svært rask, til og med praktisk som "fiskefartøy". Og å kunna drikka kaffi i cockpiten i åtte knops fart utan krenging er ikkje alle seglarar forunt. At båten er brei, og nesten ikkje krengjer, gjer òg at det er trygt å ferdast på dekk, og leveleg både under dekk og i cockpit under seglasen.
Men…..dette er ein båt med ein stor og kraftfull rigg; dei tre skroga og den roterande vingemasta har òg mykje vindfang som kan vera ei utfordring, særleg inn og ut av båthamn. Sverdkjølen er òg lite effektiv i låg fart for motor. Generelt sett er eg langt på veg avhengig av mannskap for trygg seglas.
Kva blir "min siste båt"?
Derfor, under mitt opphald i Beijing vinteren 2025, var det eit godt tidspunkt å starta eit større forskingsprosjekt: Kva blir "min siste båt"? Dette prosjektet kan samanliknast med kårkallen som nyttar tida til å konstruera og byggja kista han skal leggjast i.
Eitt eller fleire skrog?
Om eg held meg til eit fleirskrogsfartøy (i mitt tilfelle ein faldbar trimaran) er det ikkje så mykje å henta ved å bytta ut den eg har med ein annan trimaran. Eg kunne kjøpt ein litt større Dragonfly 25, eller ein litt mindre Astus, Tricat eller Libertist, men eg kunne like gjerne halda fram og bruka bruka min båt med redusert seglføring.
Motor
Sjølv har eg aldri hatt båt med innanbordsmotor, bare einsylindra utanbordsmotor, eller ein liten elektromotor. Ein påliteleg og ganske støyfri innanbords dieselmotor kunne vore freistande. Men ein liten dieselmotor kostar om lag ti gonger så mykje som ein utanbordsmotor av tilsvarande yting. Utanbordsmotoren kan vinterlagrast i ein garasje eller på eit loft, transporterast enkelt til ein verkstad for vedlikehald eller reparasjon; ein ny utanbordsmotor er like påliteleg som ein dieselmotor; alt dette er meir komplisert med ein innanbordsmotor. Og verkstadrekninga for ein innanbordsmotor er gjerne fleire gonger høgare enn tilsvarande for ein bensinmotor. Ein seglbåtmotor blir lite brukt, og problem med drivstoff er ganske vanleg. For ein dieselmotor er slik sørvis dyrt og komplisert (her snakkar eg av erfaring), medan tømming og reinsing av bensintanken til ein utanbordsmotor er trivielt.
Eg hadde også i nokre år ein elektromotor (1 KW); denne var for svak for ein seglbåt med vindfang, ved tre knops fart for motor var gangtida om lag ein time. Og for at ein slik motor skal vera praktisk må ein ha nok batterikapasitet, og lett tilgang til lading.
På Vestlandet, der eg seglar, er det nesten alltid nok vind til å bruka segl til framdrift, så motoren blir i hovudsak brukt inn og ut av båthamn; for så lite bruk er det ikkje verd å ha innanbordsmotor, og ein elektromotor blir gjerne for svak. Konklusjon: Ein driftssikker utanbordsmotor er enklast og mest praktisk for mitt formål.
Den perfekte eittskrogs seglbåten for ein gamling
Kva då med å byta ut trimaranen, med sin trygge, raske og krengefrie seglas, med ein krengande, langsamare, men enklare, eittskrogs seglbåt?
Premissen (ja, eg har lært at premiss avgjer alt) er at eg ofte seglar åleine, at eventuelt mannskap er i minst like mykje kroppsleg og mentalt forfall som eg, at kroppen min er stivare, rørslene langsamare og kreftene mindre; fylgjeleg bør min siste båt vera mindre, lettare, enklare å manøvrera og enklare å vedlikehalda, og ha mindre "ibuande krefter" enn min noverande trimaran (som eg truleg kjem til å ha nokre sesongar til). Overnatting og komfort under dekk er ikkje så viktig, men ikkje uvesentleg; framfor alt må båten må vera trygg og enkel å bruka og eiga for ein gamling.
Eg har alltid hatt båt med senkekjøl; slik er det enkelt å lagra og flytta båten på ein tilhengar, og truleg skal min siste båt også ha senkekjøl. Men senkekjøl er så mangt: Min Storm 19 hadde ein senkekjøl, utan ballast, som svingte opp, bakover, og heilt inn i skroget; min trimaran har ein sverdkjøl som går rett opp og ned, òg utan ballast. Min raude gaffelriggar Jewell hadde ein fast kjølboks med blyballast, kombinert med senkekjøl med litt ballast som svingte inn i denne kjølboksen og heilt inn i skroget. Senkekjølen (eller svingkjølen) med ballast, som i praksis er ein svingbar finnekjøl, er òg ein variant; han kan svinga heilt inn i skroget, eller opp under kjølsvinet. Dette er truleg den mest effektive senkekjølen for ein eittskrogsbåt med tanke på å hindra krenging, fordi det meste av ballasten er nedst i senkekjølen.
Dei fleste senkjekjølsbåtar har òg rigg for enkel mastring, og gjerne har gjerne eit system slik at ein kan gjera dette raskt og utan hjelp av andre.
Ein liten seglbåt med fast kjøl og "fast mast" har det verste frå to verder; han har verken den store seglbåtens komfort og yting eller den den litle senkekjølsbåtens enkelhet med omsyn til slipping, lagring og mastring; derfor er det mykje som talar for at ein liten seglbåt skal ha senkekjøl/oppsvingbar kjøl med nedfellbar mast.
I Noreg er det mest bare gamle båtar å få i storleik som passar ein aldrande Klepsvik (altså opp til sju meters lengd), og det tyder oftast meir vedlikehald og plunder, men for den nevenyttige er sikkert båtreparasjon ein grei hobby. Seglbåtar med senkekjøl er endå sjeldnare. Her i landet skal seglbåten vera hytte på sjøen, og ha innanbordsmotor. Men min bruk er annleis - eg er dagseglar - overnatting om bord er unntaket.
Polen er den store byggjenasjonen for små seglbåtar, men mange polske seglbåtar har høgt fribord for ståhøgd inni, som gjev stort vindfang, og unødvendig for meg, og dei er gjerne bygde litt billig, og meir med tanke på innsjøseglas enn kystseglas. Her er nokre gode polske kandidatar: Mariner 20 og Sixfor4.
Det er også fleire nederlandske dagseglarar, oftast med kort, fast finnekjøl og god komfort. Damarin D23 er ein fin båt.
Catalina 22 er ein amerikansk småbåtklassikar. Dette er ein ganske gammal konstruksjon etter kvart, og det ville vore dyrt å få ein båt frakta til Noreg.
I Frankrike lagar ein også fine båtar, men gjerne med open cockpit passande for eit varmare klima, og med meir vekt på yting enn på komfort; men Beneteau First 21.7 kunne vore ein kandidat.
Til og med i Austerrike byggjer dei båtar; Sunbeam 22.1 er ein fin båt.
To båtar utmerkar seg, etter mi vurdering - ein tysk og ein britisk; begge bygde til høg standard; begge godt under 1000 kg i vekt.
Sailart 20
Sailart 20 er bygd i Tyskland, og er ein populær båt som stort sett har vore uendra i over tjue år. Kabinen er triveleg, senkekjølen med blyballast kan hevast og senkast med spel gjennom styrhus og til cockpit-vinsj, masta kan leggjast ned enkelt, og han kan utstyrast med sprutkalesje; han kan også utstyrast med byssekabinett og kjemikalieklosett. Klikk her for fleire foto eg har samla inn. Sjå også Youtube- video her.
BayCruiser 21
Min andre toppkandidat er britisk, og er konstruert og bygd av Swallow Yachts, som bygde min Storm 19: BayCruiser 21. Båten har senkekjøl og vassballast, som stel ein del plass, men er elles greitt; karbon rigg for enkel mastring, men ganske trongt under dekk. Sjå Youtube-video her.
Så langt held eg ein knapp på Sailart 20, med litt betre plass under dekk enn BayCruiser 21; det er òg enklare å transportera ein båt frå Tyskland enn frå England.
Vel, det blir nok ikkje ny båt med det eller fyrste…………….