26. august 2024
For over femten år sidan eigde eg ein Adventure Mirage kajakk med utriggarar og segl. Han var morsom å segla, men svært våt; ikkje noko for kjølige sommardagar på Vestlandet, serleg ikkje når eigaren var godt over femti år. Etter nokre år selde eg han. Men eg har aldri gløymt gleda av å segla i full fart utan å krenga.
Då me budde i Oslo på tidleg totusental hadde eg bare plass til ein kano, men etter kjøp av bustad i Stavanger i 2003 kunne eg endeleg oppfylla draumen om eigen båt, som eg hadde hatt sidan ungdommen. Eg fekk bygd ein gunterrigga tomastra open seglbåt med senkekjøl i Wales, fekk han frakta til Noreg og plassert på ein tilhengar bak garasjen. Heilt fram til 2016 brukte eg denne ved å sjøsetja frå tilhengar kvar gong; i 2023 blei denne seld, og han ligg no i Lundsvågen båthamn.
I 2015 var eg på jakt etter ein litt større seglbåt, og eg fekk bygd ein tomastra gaffelrigga seglbåt med eit lite styrhus i Lithauen, også med senkekjøl og på båthengar. Båten var konstruert av den kjende båtkonstruktøren Francois Vivier, var ein super seglar, men byggjekvaliteten var elendig, og denne båten fekk eg omsider seld nokre år seinare til ein som budde i Frankrike.
Rundt 2019 byrja eg å fundera på ein ny båt; til dess hadde eg hatt både kano og kajakk, og fleire tradisjonsbåtar, og det var naturleg å oppgradera til ein litt større eittskrogs tradisjonell seglbåt (den vanlege "tofotssjuka"). Heile tida har eg vore interessert i litt spesielle båtar; plasthytte på sjøen har aldri fascinert meg, ettersom eg stor sett driv med dagstursegling.
Eit par ting hadde eg erfart etter utallige turar i skjergarden rundt Stavanger - segling på skakke (krenging) var greitt ei stund, men fleire timar i spagat kunne vera krevjande for fysikken. Mine stivare og eldre passasjerar var også merka av livet på skråplanet etter eit par timar med segling på kryss.
Eg hadde også notert meg at på turar i fire til seks knops fart kom eg aldri lenger enn til Åmøyfjorden eller Hidlefjorden før det var tid til komma seg heimover. Den vanlege "Bavaria-seglaren" i Stavanger har løyst dette på sin måte; han (ja, det er nesten bare menn som driv med dette) går for fullt med motor med riggen til pynt store deler av tida. Det eg lurte på var om det var ein raskare og meir komfortabel måte å segla på, der rekkevidden for kvar tur kunne utvidast utan motorisering.
For mange år sidan hadde ein tysk venn ein stor katamaran, og han kunne fortelja om eit komfortabelt liv på sjøen på to skrog, og med god fart under segl. Men ein katamaran - dette var jo svære båtar, og kor skulle eg finna båtplass for eit slikt monster? Eg kom aldri på at det var praktisk å vera eigar av ein fleirskrogs seglbåt. Tvert imot - i mange år har eg også hatt båtar med senkekjøl, som raskt kunne takast opp på og sjøsetjast frå ein tilhengar, så eg var van med enkel maritim logistikk.
Med alt dette i minnet fann eg ut at svaret måtte vera ein trimaran som kunne faldast saman og sjøsetjast frå ein tilhengar; eg byrja derfor å undersøka kva som var å få kjøpt eller bygd av trimaranar mellom 20-30 fot. Eg oppdaga fort at bruktmarknaden for slike fartøy er svært begrensa, og at nye trimaranar med segl ikkje er billige. Eg studerte franske Astus og Tricat, danske Dragonfly, australsk/vietnamesiske Corsair, New-Zealandske Farrier, og ein ny fransk/polsk modell under konstruksjon - Libertist 703.
Eigentleg hadde eg inngått kontrakt for ein Erik Lerouge-konstruert, polskbygd Libertist 703 i 2020, men det var for stor uvisse med organisasjonen i Polen. Etter mykje fram og tilbake kjøpte eg våren 2023 ein Corsair Dash 750, 2010 modell, i Asker; båten var i sers god stand, med ein eigar som hadde kjøpt han ny i Sverige.
Under pandemien gjekk eg også i gang med å få bygd ein open 16 fots trimaran (W17). Imidlertid blei dette altfor mykje båt å hanskast med for ein syttiåring, så W17 er no til sals.
Ved bryggje i Ramsvig
Lundsvågen båtforening