Eg prøver meg med nokre spådommar for 2025:
Tre regionar vil ha vår merksemd: Vest-Asia (Midt-Austen), Aust-Asia (hovudsakleg Kina), og Aust-Europa (hovudsakleg Ukraina). Og vår merksemd er i hovudsak styrt av USAs merksemd.
Europa/EU har langsamt gjort seg sjølv meir og meir irrelevant, både politisk og økonomisk, og er no langt på veg ein amerikansk vasall. Energi, som er industriens drivstoff, er høgt prisa, Europas bilindustri er ikkje lenger teknisk leiande, IKT-bransjen har få eller ingen verdsleiande produkt eller tekniske plattformar. For Noreg er det ingen grunn til å bli medlem i ein udemokratisk og lite dynamisk union.
I 2025 tek me kanskje endeleg farvel med den unipolare verda dominert av USA, og ser endå tydelegare rammeverket til ei multipolar, eller kanskje meir korrekt, ei verd med mange knutepunkt - ei verd der nasjonalstatar grupperer seg rundt ulike knutepunkt eller nav, der knutepunkta også er samanfiltra på mange vis.
I ei slik verd, truleg meir rettferdig, men kanskje også meir uroleg, vil nasjonalstatar leggja mindre vekt på kvantitativ økonomisk vekst, og meir på kvalitativ vekst i form av tryggjing og sikring av infrastruktur, og utvikling av industriell og teknisk kompetanse.
Vest-Asia (Midt-Austen)
Den militære krigen mot palestinarane vil gå over i ein humanitær krig, med fordriving og svolt. USA og Israels politikk i denne delen av verda er i hovudsak identisk, men USA forhindrar truleg at Israel går til krig mot Iran.
Syria, no oppdelt i fleire interessesfærer - ein tyrkisk, ein israelsk, ein amerikansk, ein sunnikalifatsk, og kanskje også ein russisk, vil truleg gå mot interessekonfliktar og kaos.
Aust-Asia
USA vil halda fram med å spenna bein under Kinas utvikling i form av toll og sanksjonar; egga til motsetning mellom statar i regionen (som dei siste førti åra har utvikla eit sers fredeleg samarbeid), og på finurleg vis nøra opp om Taiwans sjølvstendeambisjonar (som er Kinas einaste raude linje).
Kina blir i endå større grad enn no høgteknologisk sjølvforsynt, handelsnettverket vert ytterlegare diversifert, spesielt med omsyn til strategisk import av matvarer og energi.
Aust-Europa
Krigen i Ukraina blir avslutta i hovudsak på russiske premissar, med eit geografisk mindre, og forsvarspolitisk nøytralt, Ukraina. I verste fall vil bare det skje, men i beste fall vil Europa/USA og Russland framforhandla eit nytt og meir balansert tryggjingsregime i Europa; eit som ikkje er basert på eit ekspanderande NATO.