07.02.24
I over førti år har eg freista fylgja med på noko av det som skjer i Kinas økonomi og samfunn; her er nokre randmerknader om den kinesiske økonomien i 2024, med vekt på nokre faktorar som oftast blir tekne opp som indikasjon på dystrare framtidsutsikter.
Ein stor og mangfaldig økonomi
Kan hende illustrerer ein gammal asiatisk fabel det best: Ei gruppe blinde menn skal skildra ein elefant. Ein kjenner på snabelen, og meiner elefanten er som ein slange, ein annan kjenner på kroppen, og meiner elefanten er som ein vegg, ein tredje kjenner på øyret, og meiner elefanten er som ei vifte. Den kinesiske økonomien er som elefanten - gigantisk og mangfaldig; det skal eit kjempestort og avansert analytisk apparat til for å forstå og komma med godt funderte prognosar om kinesisk økonomi; ressursar som går langt utover det redaksjonen til Bloomberg, The Economist eller ein eller annan professor har til rådvelde.
Pålitelege kjelder
Her ein liten kavalkade over feilaktige spådommar frå "godt informerte kjelder" i vår del av verda frå dei siste tretti åra: I 1990 skreiv The Economist at kinesisk økonomi har stoppa opp, i 1998 skreiv same publikasjon at Kina var inne i ein periode med langsam vekst. Deretter var det i mange år spådommar om "hard landing", og tilsvarande om ei forventa kinesisk bank- og finanskrise. Bloomberg skreiv i fjor at "ingen ord bør vera forbodne for å beskriva nasjonens vaklande økonomi". Desse kjeldene har til og med framstilt den kinesiske økonomiveksten i 2023 på over fem prosent, med minimal inflasjon, som "svak". Eg har etter kvart komme til den konklusjonen at vestverdas ekspertar har gjeve notorisk upålitelege prognosar, medan Kinas eigne prognosar har vore langt meir pålitelege.
Vil ei eigedomsboble velta økonomien?
Dei siste åra har utanlandske "ekspertar" med auka styrke meldt om ei eigedomsboble; no forsterka av Evergrandes forventa konkurs. Men det er fleire grunnar til at det verken blir kollaps i eigedomsmarknaden eller sterk nedgang i økonomien som ein fylgje av dette.
Investeringar i eigedom i prosent av BNP har falle i ti år, og vil vera om lag 5,5 prosent i 2024.
Kinas økonomi er mykje meir enn høgblokker rundt i landet, mykje meir enn nokre teknologiselskap langs kysten. Tibet har betre 5G-dekning enn California, ørkenen i Gansu har store vindturbinparkar, og både konvensjonelle og eksperimentelle solkraftverk. Xinjiang, heim til uigurane, har eit BNP per innbyggjar fleire gonger høgare enn land som grensar til regionen. Kina har 40.000 km med snøggtogjernbane og 180.000 km med motorvegar. Kina er leiande på sers mange industriområde, og har på kort tid blir verdas største eksportør av bilar. Meir enn 50 prosent av verdas elektriske køyretøy finn ein i Kina. Landet er største handelspartnar til over 120 land - til og med til India og Latin-Amerika, har 70 prosent større industriproduksjon enn USA, og tek mål av seg til å blir ein høgkvalitets industriell økonomi der finansnæringa er tenar, ikkje meister. Kinas kjøpekraftjusterte brutto nasjonalprodukt er 25 prosent større enn USAs. Vestverda avindustrialiserer, Kina industrialiserer.
Kinesiske styresmakter har i mange år vore klår over ein ubalanse i eigedomssektoren. Men i Kina eig over 90 prosent sin eigen bustad (høgare andel enn i Noreg); svært mange middeladrande og eldre er gjeldfrie, medan dei yngre gjerne har bustadlån. Difor må ein slik ubalanse handterast med varsemd og kløkt, i Kina så som i Noreg.
Kjøper du eigedom i Kina har du til no måtta 35 prosent av kjøpesummen med eigne midlar (no i ferd med å bli nedjustert); resten kan du låna av ein bank. Marknadsprisane skal langt ned før verdien av bustaden er lågare enn banklånet. Elles er ei rekkje tiltak sette i verk så seint som i 2024 innanfor bustadsektoren.
For dei som har kjøpt husvære av eigedomsselskap som går konkurs er det all grunn til å tru at Kina både har politiske og økonomiske rådgjerder for å finna løysingar; ein skal også vera klår over at alt land i Kina er eigd av staten, noko som gjev betydeleg handlingsrom.
"Spøkjelsebyar" med bustader som ingen bur i er ein attgangar i vestleg presse, men Kina forventar at urbaniseringa vil halda fram i fleire tiår til, frå om lag 65 prosent av befolkninga no til over 80 prosent på sikt, så tomme husvære vil etter kvart fyllast opp. Sjølv har eg sett skogar av tomme blokker som i løpet av 3-5 år blei tekne i bruk.
I motsetnad til vår del av verda, der ein vanleg bank i hovudsak lever av bustadlån, er dette langt frå tilfelle i Kina, så banknæringa kan tola ein del konkursar i eigedomsbransjen.
Oppsummert: Eit tusenbein blir ikkje låghalt av eitt beinbrot - slik er det også med tilhøvet mellom eigedomsmarknaden og den kinesiske økonomien som heilskap.
Arbeidsløyse blant unge
Men kva med arbeidsløyse blant unge? Er ikkje det ein indikator på ei krise i økonomien? Kanskje, men det kan også vera uttrykk for at mange tek utdanning, og at det tek tid for arbeidsmarknaden å absorbera om lag 10 millionar universitetsutdanna. Unge ugifte bur oftast i lag med foreldra, og det relativt billige studiet er forlengst betalt av foreldres sparepengar, så ei slik temporær arbeidsløyse er til å leva med, både for den arbeidslause, familien og for samfunnet.
Låge fødselstal og aldrande befolkning
Kva med låge fødselstal kombinert med aldrande befolkning, og fylgjer for økonomisk utvikling? Låge fødselstal er problematisk i dei fleste land der kvinner har fått utdanning, og som ikkje har tilvekst i form av innvandring. Men Kina har svært låg pensjonsalder - 50 år for kvinnelege arbeidarar, 55 år for kvinnelege funksjonærar, og 60 år for menn, så justering av pensjonsalderen kan utsetja problemet i lang tid frametter. Robotisering av deler av yrkeslivet, som skjer på mange område alt i dag, vil også dempa fylgjene av eldrebylgja.
Reis meir og analysér mindre
For alle store land, som Russland, Kina og USA, blir ein gjerne klokare av ei reise rundt i landet, kombinert med samtaler med folk som bur der, enn lesing av The Economists siste dom. I tillegg til at slike "analyser" gjerne er skrivne med eit perspektiv der ein "sit i ein brunn og skodar himmelen" (kinesisk ordtak), er dei oftast observerte gjennom ideologisk farga brilleglas. Spådommane blir deretter.