lengd 6 m
breidd 2,18 m
djupn 1,5 m/0,25 m
seglføring 19 m2
vekt 1000 kg med vassballast (600 kg utan)
Beijing i februar 2025; oppdatert i Stavanger, i mai og august 2025
Eg har no hatt min faldbare Corsair Dash 750 trimaran sidan våren 2023. Den sommaren gjekk stort sett med til eit stort husoppgraderingsprosjekt og pleie av ein skada fot grunna eit uhell, så det blei lite segling; men eg fekk installert solceller, autopilot og kartplottar. Sommaren 2024 blei helsemessig endå meir dramatisk enn sommaren året før, med ein stor, men vellukka tjukktarmskreftoperasjon, så den seglsesongen blei også avkorta.
Under rekonvalesensen, som var kombinert med ymse feiringar av min syttiårsdag, freista eg oppsummera kva med båten eg er nøgd med, og kva eg ikkje er fullt så nøgd med, og kva eg eventuelt kunne gjera betre; og skulle eg i det heile behalda båten?
Oppgradering og evaluering av min Corsair Dash 750
Eg fekk særs gode råd på forumet for Corsair- og Farrier-eigarar, og valde å behalda båten, men gjera nokre endringar for enklare bruk.
Stavanger seilmaker laga eit ekstra rev til i storseglet, sydde inn eit mindre diameter liktau som truleg gjer det lettare å heisa seglet, og laga ein mini sprutkalesje oppå luka. Eg kjøpte òg ein skrogduk som skal forhindra groing i båthamna (installert i mai 2025). Våren 2025 har eg òg installert landstraum.
I bruk av båten var det til å byrja med litt plunder med inn- og utfalding av sideskrog, men no har eg lært meg teknikken. Eg hadde òg groing på sideskroga når båten var samanfalda, men dette er no løyst ved bruk av skrogduken ved samanfalding. Elles er båten er lett å segla, svært rask, til og med praktisk som "fiskefartøy". Og å kunna drikka kaffi i cockpiten i åtte knops fart utan krenging er ikkje alle seglarar forunt. At båten er brei, og nesten ikkje krengjer, gjer òg at det er trygt å ferdast på dekk, og leveleg både under dekk og i cockpit under seglasen.
Men…..dette er ein båt med ein stor og kraftfull rigg (38 m2); dei tre skroga og den roterande vingemasta har òg mykje vindfang, som kan vera ei utfordring, særleg inn og ut av båthamn. Sverdkjølen er òg lite effektiv i låg fart for motor. Generelt sett er eg langt på veg avhengig av mannskap for trygg seglas.
Kva blir "min siste båt"?
Derfor, under mitt opphald i Beijing vinteren 2025, var det eit godt tidspunkt å starta eit større forskingsprosjekt: Kva blir "min siste båt"? Dette prosjektet kan samanliknast med kårkallen som nyttar tida til å konstruera og byggja kista han skal leggjast i.
Eitt eller fleire skrog?
Om eg held meg til eit fleirskrogsfartøy (i mitt tilfelle ein faldbar trimaran) er det ikkje så mykje å henta ved å bytta ut den eg har med ein annan trimaran. Eg kunne kjøpt ein litt større Dragonfly 25, eller ein litt mindre Astus, Tricat eller Libertist, eller ein ny Corsair 760; den funksjonsmessige oppgraderinga ville vore marginal kor som er.
Motor
Sjølv har eg aldri hatt båt med innanbordsmotor, bare einsylindra utanbordsmotor, eller ein liten elektromotor. Ein påliteleg innanbords dieselmotor kunne vore freistande. Men ein liten dieselmotor kostar om lag ti gonger så mykje som ein utanbordsmotor av tilsvarande yting. Utanbordsmotoren kan vinterlagrast i ein garasje eller på eit loft, transporterast enkelt til ein verkstad for vedlikehald eller reparasjon; ein ny utanbordsmotor er like påliteleg som ein dieselmotor; alt dette er meir komplisert med ein innanbordsmotor. Og verkstadrekninga for ein innanbordsmotor er gjerne fleire gonger høgare enn tilsvarande for ein bensinmotor. Ein seglbåtmotor blir lite brukt, og problem med drivstoff er ganske vanleg for lite brukte motorar. For ein dieselmotor er slik sørvis dyrt og komplisert (her snakkar eg av erfaring), medan tømming og reinsing av bensintanken til ein utanbordsmotor er trivielt. Dei få litrane med utanbordsmotorbensin som eg har att etter ein seglsesong tømmer eg i bilens bensintank, så startar båtsesongen med frisk bensin - gjerne 98 oktan.
Eg hadde også i nokre år ein elektromotor (1 KW); denne var for svak for ein seglbåt med vindfang, ved tre knops fart for motor var gangtida om lag ein time. Og for at ein slik motor skal vera praktisk må ein ha nok batterikapasitet, og lett tilgang til lading.
På Vestlandet, der eg seglar, er det nesten alltid nok vind til å bruka segl til framdrift, så motoren blir i hovudsak brukt inn og ut av båthamn; for så lite bruk er det kanskje ikkje verd å ha innanbordsmotor, og ein elektromotor blir gjerne for svak. Konklusjon: Ein driftssikker utanbordsmotor er kanskje enklast og mest praktisk for mitt formål.
Den perfekte eittskrogs seglbåten for ein gamling
Ein faldbar trimaran er kostbar, med mykje seglglede, men lite plass under dekk. Dei som kjøper ein dyr trimaran er då gjerne gamlingar med god råd! Så blir det etter kort tid for mykje båt for ein stiv og aldrande kropp. Eg er der...........snart. Så lyt eg truleg bita i det sure eplet og "nedgradera" til ein eittskrogsbåt. Samstundes er eg ingen kandidat for overgangen frå båt til bubil. Når ein forflyttar seg i bil me ein vera fullt konsentrert om trafikken heile tida, medan ferdsel til sjøs tillet litt meir slark i merksemda; under autopilot kan ein bla i ei avis eller laga seg ein kopp kaffi, eller engasjera seg i samtale med andre om bord. Den store fordelen med bubil er at han kan brukast heile året; det er mindre tiltrekkande med ein seglbåt. Difor har eg etter kvart byrja vurdera seglbåtar med ein dekksalong, slik at sesongen kan forlengast.
Kva då med å byta ut trimaranen, med sin trygge, raske og krengefrie seglas, med ein krengande, langsamare, men enklare, eittskrogs seglbåt? Korleis kompensera for dette tapet?
Premissen (ja, eg har lært at premiss avgjer alt) er at eg ofte seglar åleine, at eventuelt mannskap er i minst like mykje kroppsleg og mentalt forfall som eg, at kroppen min er stivare, rørslene langsamare og kreftene mindre; fylgjeleg bør min siste båt vera mindre, lettare, enklare å manøvrera og enklare å vedlikehalda, og ha mindre "ibuande krefter" enn min noverande trimaran (som eg truleg kjem til å ha nokre sesongar til). Overnatting og komfort under dekk er ikkje så viktig, men ikkje uvesentleg; god ergonomi i cockpit er viktig, og gjerne med god plass til nokre passasjerar. Framfor alt må båten må vera trygg og enkel å bruka og eiga for ein gamling.
Eg har alltid hatt båt med senkekjøl; slik er det enkelt å lagra og flytta båten på ein tilhengar, og truleg skal min siste båt også ha senkekjøl. Men senkekjøl er så mangt: Min Storm 19 hadde ein senkekjøl, utan ballast, som svingte opp, bakover, og heilt inn i skroget; min trimaran har ein sverdkjøl som går rett opp og ned, òg utan ballast. Min raude gaffelriggar Jewell hadde ein fast kjølboks med blyballast, kombinert med senkekjøl med litt ballast som svingte inn i denne kjølboksen og heilt inn i skroget. Senkekjølen (eller svingkjølen) med ballast, som i praksis er ein svingbar finnekjøl, er òg ein variant; han kan svinga heilt inn i skroget, eller opp under kjølsvinet. Dette er truleg den mest effektive senkekjølen for ein eittskrogsbåt med tanke på å hindra krenging, fordi det meste av ballasten er nedst i senkekjølen.
Dei fleste senkekjølsbåtar har òg rigg for enkel mastring, og har låg vekt (verdien av dette er ofte undervurdert, etter mitt syn).
Ein liten seglbåt med fast kjøl og "fast mast" har det verste frå to verder; han har verken den store seglbåtens komfort og yting eller den den litle senkekjølsbåtens enkelhet med omsyn til slipping, lagring og mastring; derfor er det mykje som talar for at ein liten seglbåt skal ha senkekjøl/oppsvingbar kjøl med nedfellbar mast.
I Noreg er det mest bare gamle båtar å få i storleik som passar ein aldrande Klepsvik (altså opp til sju meters lengd) , og det tyder oftast meir vedlikehald og plunder, men for den nevenyttige er sikkert båtreparasjon ein grei hobby. Seglbåtar med senkekjøl er endå sjeldnare. Her i landet skal seglbåten vera hytte på sjøen, og ha innanbordsmotor. Men min bruk er annleis - eg er dagseglar - overnatting om bord er unntaket.
Polen er den store byggjenasjonen for små seglbåtar, men mange polske seglbåtar har høgt fribord for ståhøgd under dekk, som gjev stort vindfang, og unødvendig for meg, og dei er gjerne bygde litt billig, meir med tanke på innsjøseglas enn kystseglas. Her er nokre gode polske kandidatar: Mariner 20 og Sixfor4.
Her er nokre dagseglarar, oftast med kort, fast finnekjøl og god komfort: Nederlandske Damarin D23 og Pointer 25, tyske Tide 25, Bente 24 og ikkje minst Biga 242.
Catalina 22 er ein amerikansk småbåtklassikar. Dette er ein ganske gammal konstruksjon etter kvart, og det ville vore dyrt å få ein båt frakta til Noreg.
I Frankrike lagar ein også fine båtar, men gjerne med open cockpit passande for eit varmare klima, og med meir vekt på yting enn på komfort; men Beneteau First 21.7 kunne vore ein kandidat.
Til og med i Austerrike byggjer dei båtar; Sunbeam 22.1 er ein fin båt.
Tre båtar utmerkar seg, etter mi vurdering - ein polsk, ein tysk og ein britisk; alle tre er bygde til høg standard, alle tre med senkekjøl.
Haber 660
Haber 660 er ein mini dekkshus seglbåt bygd i Polen til høg kvalitet, og under stadig utvikling, der verftseigar sjølv eig ein Haber 660 som han seglar aktivt. Båten har gunterrigg, senkekjøl, men med innstøypt ballast i skroget; han gjer seg truleg best med ein liten dieselmotor; styrhuset gjer sprutkalesje unødvendig, har ståhøgd under dekk, og gjer dette til ein heilårsbåt.
Sailart 20
Sailart 20 er bygd i Polen og ferdigstilt i Tyskland, og er ein populær båt som stort sett har vore uendra i over tjue år. Kabinen er triveleg, senkekjølen med blyballast kan hevast og senkast med spel gjennom styrhus og til cockpit-vinsj, masta kan leggjast ned enkelt, og han kan utstyrast med sprutkalesje; han kan også utstyrast med byssekabinett og kjemikalieklosett. Klikk her for fleire foto eg har samla inn. Sjå også Youtube- video her.
BayCruiser 21
Min andre toppkandidat er britisk, og er konstruert og ferdigstilt av Swallow Yachts (skrog bygd i Baltikum) , som bygde min Storm 19: BayCruiser 21. Båten har senkekjøl og vassballast, som stel ein del plass, men er elles greitt; karbon rigg for enkel mastring, men ganske trongt under dekk. Sjå Youtube-video her.
Å henta ein båt i Polen eller Tyskland er mykje enklare enn transport frå Storbritannia, så BayCruiser er nok minst aktuell.
Vel, det blir nok ikkje ny båt med det aller fyrste…………….