Nettstaden båt og blogg er for deg likar segling og roing, som nyt stilla på sjøen, men som òg kan engasjera deg, og somme tider forarga deg, over det som skjer i samfunnet - både det litle norske og det store verdssamfunnet.
Båtinformasjonen som er presentert her reflekterer skribentens skiftande interesser over mange år - frå kajakk og kano, til tradisjonell seglbåt, og no til trimaran med segl.
Bloggen har politisk brodd - ofte mot vestverdas hybris og hegemoni; sjølvsagt prega av fleire tiår som Kina-observatør.
Familieselskapet Norseman AS har i over tjue år praktisert nullvekstfilosofi....
Før du les vidare - bli inspirert av litt maritim poesi:
Du var vinden Eg er ein båt utan vind. Du var vinden. Var det den leidi eg skulde? Kven spør etter leidi når ein har slik vind! Olav H. Hauge, Dropar i austavind (1966) Me siglar ikkje same havetMe siglar ikkje same havet, Olav H. Hauge, Dropar i austavind (1966) | Jeg spiler min vinge, hejser mit sejl Jeg spiler min vinge, hejser mit sejl, suser som ørn over livssjøens spejl; agter går mågernes skare. Overbord med fornuftens ballast kun! Kanhænde jeg sejler min skude på grund; men så er det dog dejligt at fare! Henrik Ibsen, Kjærlighedens Komedie (1862) Eg ligg her seglbudd Eg ligg her seglbudd; alle mastrer svagar i brotsterk byr, og skaut og toppsegl svell som kjempebringur; skuta styn og ragar og rullar sidemots, og toga smell som svipeslag mot rærne; vinden jagar med milelange tilsprang, stupefell med song i segla. Maa det noko breste? Kor hardt fyrr ankerklørne slepper feste!
eg kasta anker i so djup ein sjø, i djupnom gapte sterke grjotbergmunnar um staalet — ja, dei trudde det var brød. — Aa, hjarterøtenn fann dei same brunnar som ankerlekkja, og fann grorastød. No lyt dei breste; fyr kvar taag som raknar ein saarverk-styng i hjartemergen vaknar. Olav Nygard, Ved vebande (1923) |