Tradisjonsbåt
Dette er båtar med tradisjonelle linjer, men gjerne bygd i moderne material.
I utvalet er det båtar for kombinert roing og segling, og reine seglbåtar. Dei fleste av desse båtane er utstyrte med senkekjøl, og kan dermed sjøsetjast frå tilhengar. I utvalet er det båtar med spririgg, gaffelrigg og luggerrigg; mange med ustaga mast for enkel mastring og rigging.
Kastar ein blikket på ei norsk båthamn i dag skulle ein tru at fargepaletten har blitt avskaffa; nesten alle båtar er kvite. Her tek me til orde for skrog og segl i friske fargar og mangfaldig mønster.
Fargerike fartøy for fjorden
%20r.jpg)






%20r.jpg_t.jpg)













Frå propell og motor til segl og årer
"Sail and oar" på engelsk og "voile-aviron" på fransk er omgrep som gjev namn til eit båtliv prisgjeve muskelkraft og vind, med båtar bygde for roing og segling; serleg i Frankrike er dette stort. Kjende konstruktørar som François Vivier i Frankrike og Iain Oughtred i Skottland har konstruert båtar som nok har tradisjonelle riggar og linjer, men som byd på det beste innan moderne konstruksjon og byggematerialar.
Denne nettstaden slår eit slag for eit båtliv mindre avhengig av komplisert og fordyrande teknikk og mekanikk, men som ikkje går av vegen for å nytta dette når det er fornuftig. Dei mange kajakkentusiastar i Noreg har oppdaga gleda i det godgjerande åretaket, og spaninga ved å vera nær bølgjer og vind. Me tek til orde for at den same opplevinga ventar på småbåteigaren når han går bort frå propell og fart og over til årer og segl!
På denne nettstaden finn du lenkjer til båtstoff både for vind- og åre-entusiastar og dei som er interesserte i raske fleirskrogsfartøy under segl.