Båtkonstruktør Erik Lerouge

Erik Lerouge som skipper på vikingskip

Erik Lerouge (f. 1953 i Frankrike) er verdskjend som konstruktør av raske og sikre fleirskrogs seglbåtar. Han byrja med segling i 1960, og har teke del i mange konkurransar, så som Speed Weeks, Bol d'Or, Trophée des Multicoques, F28 European Championship, MULTI 2000 Challenge, Transat des Alizés, Transat des Passionnés, RORC Championships, JOG Championships, Sydney Harbour 18 footers Worlds og mange fleire. Han er ein røynd seglar både åleine og med mannskap, langs kysten så vel som til havs. Han har testsegla og konstruert båtar for leveranse over heile verda.

 

Erik Lerouge har bygd fleire båtar sjølv, og kan hjelpa både amatørar og profesjonelle båtbyggjarar; han vurderer no å byggja sin tolvte båt for eigen bruk!

 

Erik Lerouge er visepresident i Institut Français des Architectes Navals, og medlem av direksjonskomitéen for Association des Multicoques Habitables; ansvarleg for International MULTI 2000-reglane; Commodore Nautisme-Fontenay-Mervent, samt ISO-ekspert for båtstabilitet og spantedimensjonar. 

 

Erik Lerouge si karriere som båtkonstruktør går tilbake til 1976; over 400 ulike seglbåtar totalt. Båtar han har konstruert har kryssa mange hav med familie-mannskap, og hans konkurransebåtar har vunne både Multihull Grand Prix, Lake racing og Short- handed racing. 

Erik Lerouge katamaranar: Freydis, Vik, LadyHawke, Barramundi, Brazapi, Rackam osv.


Erik Lerouge trimaranar: Pulsar, Libertist

Erik Lerouge har glideflyging som hobby.

 

Lenkjer

Erik Lerouge nettstad