Valgomatar og internasjonal politikk
Valgomatar seier noko om kva media trur veljarar er opptekne av. Eg har sett på norske valgomatar, og vald ut eitt tema – det eg kallar det internasjonale (men unnateke vårt nærområde, dvs. Europa), og sett på spørsmål relatert til tre internasjonale dimensjonar:
- Frykt; altså alt som har med krig, angrep og forsvar å gjera
- Hjelp; altså der me gjev av vår overflod, eller låner bort vår tryggleik og velferd til flyktningar
- Rettferd; aktiv støtte til meir global rettferd og solidaritet
Her er liste over antal spørsmål om temaet:
Valgomat | Frykt | Hjelp | Rettferd |
VG | 0 | 0 | 0 |
Dagbladet | 0 | 1 | 0 |
NRK | 0 | 1 | 0 |
Aftenposten | 1 | 1 | 0 |
Nettavisen | 1 | 1 | 0 |
Drammens Tidende | 0 | 0 | 0 |
Alle spørsmål innanfor hjelpe-dimensjonen hadde med flyktningar å gjera. Mi oppsummering so langt er at valet i år handlar om dei nære ting, og bare i den grad internasjonale tema angår oss direkte er det relevant for norske valgomatar. For oss som er opptekne av internasjonale spørsmål kan me trygt gjera noko anna enn å fylgja med på valsendingar i radio og fjernsyn, men gløym for all del ikkje å røysta! Ikkje lat deg dupera av fine ord om felles verdiar og regelbasert verdsordning; røystar du på eit parti som vil oppretthalda (og kanskje utvida) NATO, eller vil gå inn i ei NATO-vennleg regjering, gjev du di støtte til krig, okkupasjon og undertrykkjing.