Har Russland eineansvar for konflikten?
Eg er også sers skuffa over at Raudt har hive seg på trenden med Putin som Hitler; partiet skriv om "Putin-regimet»; typisk ordbruk for å delegitimera regjeringar i land ein ikkje likar; det same gjeld hyppig bruk av ordet "oligark", som ikkje tyder noko anna enn ein svært rik person med stor politisk makt; mange land har slike personar, også Noreg. Skal ein driva med politiske eller moralske karakteristikkar av andre lands leiarar bør ein i alle fall vera konsekvent, slik at same nedlatande ordbruk blir tildelt alle som driv med aggresjon eller pengevelde, enten dei er frå Russland, Saudi-Arabia, Noreg eller USA. Best er det å halda seg for god til slikt - det fremjar verken fred eller forståing mellom folk og land.
Partiet skriv også: "Rødt har foreslått å ta grep som gjør at Norge kan utstede en internasjonal arrestordre og få han (Putin, altså) straffet for krigen i etterkant." Eg kan ikkje hugsa at partiet har teke til orde for liknande arrestordre for politikarar frå Noreg eller andre land som har gjort vedtak om invasjon av andre land.
Eg deler langt på veg synspunkt med Transnational Foundation for Peace & Future Research, som seier at NATO er ansvarleg for konflikten, Russland (og ikkje Putin) for krigen. Eg syns dette synspunktet ikkje kjem fram i det heile i Raudts standpunkt om krigen i Ukraina. Å fordømma Russlands invasjon utan å nemna kontekst tener ikkje til noko. Det er eit like tåpeleg standpunkt som å seia at Trump ikkje hadde noko med angrepet på Kongressen å gjera.
Aldri har det vore tydelegare at det meste av norsk politikk og media er eit underbruk av den amerikanske verdsoppfatninga. Det gjeld diverre også store deler av venstresida, som ikkje synest reflektera over det faktumet at dette er ein krig som heile vestverda med sine våpenleveransar tek aktivt del i, og som i praksis gjer dette til ein NATO-krig mot Russland. Ein meiner endåtil at alle land utanfor Europa er plikta til å ta side i denne konflikten. Dei same landa som no hevdar å vera sers så prinsippielle med omsyn til vern av suverenitet tok det aldri så nøye verken i Serbia, Irak, Afghanistan, Syria eller Libya.
Det er eit underleg standpunkt at det er Russland som trugar NATO-Europa, når vår militære slagkraft er meir enn ti gonger Russlands. På same vis er det eit underleg standpunkt at det er Kina som er aggressivt når landet er omringa av amerikanske basar. Media og politikarar i vestverda vil ha oss til å tru at Russland (og Kina) driv med kynisk geo-politikk, aggresjon og ekspansjon, medan NATO vernar om humanitære verdiar og suverenitet for små land.
Aldri har vestverda vore så sameint, men har samstundes aldri vore så åleine. Ukrainakonflikten er ein bodbringar om eit Pax Americana på hell; det er også NATOs fyrste konflikt med ein godt væpna motstandar; målet er fyrst og fremst å svekkja Russland, ikkje å frigjera Ukraina. Og truleg vil også denne krigen bli ein av fleire som USA i praksis ikkje vinn.
NATO-krigen mot Russland i Ukraina er eit preludium for USAs neste og store konflikt med Kina, som USA ideologisk har førebudd i fleire år; som vanleg under påskot av brot på menneskerettar, manglande demokrati og autokratisk styresett. Neste steg er truleg eit globalt NATO for aktiv deltaking i «svekkinga av Kina». Vil eit Europa, no sterkt svekka av sanksjonane mot Russland, bli med på det nye krosstoget i Asia? Skal den norske venstresida, som ho delvis var det i NATOs krigar i Serbia, Libya, Syria og Ukraina, også bli med på dette?