Er Russland ekspansivt?

Kleppar
07.08.22 10:53 Comment(s)

EIT EKSPANSIVT RUSSLAND?

Dei siste fire månadane har Dag og Tids redaksjon og skribentar gjeve oss lesarar ei svært einsidig framstilling av Ukrainakrigen. Kan me verkeleg tru at Russland ville gått til angrep på naboland for å atterreisa Stor-Russland? Kan me tru at krigen er starta uprovosert og heilt uavhengig av NATOs ekspansjon austover? Utover rein synsing og eit utal hobby-psykologiske analyser av Putin – kor er provet for ein slik påstand? Har Putin eller andre i hans krins gjeve uttrykk for slike synspunkt? Deler land utanfor vestverda eit slikt syn? Kan det på noko vis dokumenterast ved å visa til politiske planar og strategiar, eller er det bare noko som på finurleg vis kan avleiast ved subtil tolking av den stormannsgale Putins psyke?

Kan hende har mange med meg fått nok av Dag og Tids svært negative syn på Russland, som på vanleg vestleg vis er pakka inn i avsky mot hatobjektets styresett og statsleiarar. Sjølv om Putin nyt over 80 prosent støtte i sitt eige folk har Dag og Tid i hovudsak presentert synspunkt som ikkje støttar den russiske regjeringa. Gjev dette eit realistisk bilete av Russland?


Skal Dag og Tid vera folkeopplysar, er det, etter denne over tid einsidige dosen journalistikk om eit for oss ganske fredeleg naboland, kanskje på tide med nokre opplysande artiklar om vestverdas sjølvforståing? Her er nokre tema som gjerne kan utdjupast:


- Er NATO utelukkande ein defensiv militærallianse (i ljos av krigsdeltaking i Afghanistan, Syria, Libya og Irak, som er langt unna Nord-Atlanteren)? Viss ikkje, kan det tenkjast at land som NATO definerer som fiende eller trugsmål på noko vis kjenner seg truga, eller er dette rein paranoia? Er ikkje NATO, som meiner seg truga av Kina på eit anna kontinent minst like paranoid som Russland, som kjenner seg truga med NATO-land som næraste nabo?


- Er NATO ein demokratisk organisasjon? I kor stor grad er NATO dominert av USA i viktige avgjerder?


- Er vår viktigaste allierte, USA, ekspansjonistisk? Viss ja, kva konsekvensar har det for norsk utanrikspolitikk? Viss ikkje, kvifor så mange krigar så langt borte frå eige territorium?


- Kvifor har det vore så viktig for USA å innlemma Ukraina (og Georgia) i NATO?


- Kor sjølvstendig er norsk utanrikspolitikk (i ljos av vår krigsdeltaking i Libya, Syria og Afghanistan som «en god alliert»)?


- Vil eit globalt NATO snart ta form, og er Kina vår neste fiende?


- Kva skjer når NATO tek mål av seg å vera meir enn eit miltært samarbeid?


Er det NATOs oppgåve å konkurrera med t.d. Kina innanfor det NATO definerer som viktige (kunstig intelligens, datateknikk, hypersonisk teknikk, romfart osv.)?


- Korleis pregar vestverdas leiande religion (kristendommen), der fyrste bod er eit intoleransebod («du skal ikkje ha andre gudar enn meg»), vårt syn på andre sivilisasjonar, kulturar og styresett? Gjev denne religionen grobotn for vårt kulturelle og politiske hovmod? Kor kjem vestverdas Russlandhat (og no etter kvar Kinahat) frå?


Store deler av land og folk utanfor vår medierøyndom observerer at vestverda i praksis fører ein total krig mot Russland (som aldri var USA til del i sine mange krigar); ein krig som USA ikkje har interesse av å stogga eller avgrensa; ein krig som strategisk skal svekka Russland og hindra eurasiatisk integrering; i praksis er det derfor også ein krig mot eit Europa som ikkje er avhengig av USA. Kan ei slik konfliktforståing vera like relevant som den som rår i vestverda for tida?


At Ukraina, med ein økonomi som er ein tiandedel av Russlands, med meir og meir importerte vapen, men med eigne soldatar, kan vinna denne krigen synest vera urealistisk. Om ikkje NATO og Ukraina vinn krigen, korleis vil eit industrielt, men ressursfattig Europa klara seg?