lærdom del 2

Kleppar
27.01.22 04:12 Comment(s)

To år i Kina - nokre lærdommar

 

For om lag eitt år sidan skreiv eg del 1 av mine lærdommar frå opphaldet i Kina under korona-pandemien; her er del 2, med litt meir vekt på det komparative:


Kategorisering av land

I vestverda er ein van med ei kategorisering av land; for det fyrste "venner og allierte" (USA, Tyskland, Danmark osv.); for det andre "fiendar og rivalar" (Russland, Kina), for det tredje "mislukka og diktatoriske land" (Nord-Korea, Myanmar, osv.), for det fjerde "stakkarslege land" (Tanzania, Namibia osv.). Fiendar og rivalar må me rusta og sikra oss mot, mislukka og diktatoriske land kan me øydeleggja viss me kan, og stakkarslege land må me hjelpa. Her i Kina er diskursen kjemisk fri for ei slik kategorisering av land - eitkvart land er i utgangspunktet samarbeidspartnar og venn.


Rangering av land 

I vestverda er det også ei implisitt «mest-lik-oss»-rangering av land, der dei som har eit styresett, ein økonomi, og eit sett av verdiar, som mest liknar våre, er dei mest vellukka og dei mest demokratiske. Denne måten å tenkja på er også heilt fråverande her i Kina; land, styresett og kulturelle verdiar blir omtala på eit vis som godtek og omfamnar systemisk og kulturelt mangfald. Typisk er vestverdas samarbeidsorganisasjonar klubbar av likesinna, medan asiatiske samarbeidsorganisasjonar rommar mange ulike politiske system, kulturar, religionar og verdisett.


Vestleg propaganda

Aldri har det vore tydelegare at vestlege media driv propaganda, ikkje folkeopplysning, om land dei ikkje likar; difor er mykje av det som blir skrive om land utanfor den vestlege verda unyansert, selektivt, propagandistisk og nedlatande.  Soleis er sivilisasjonar som Russland og Kina, med sitt dyktige og smidige diplomati og sine informerte utanrikspolitiske analyser, i vestverdas media reduserte til autokrati med kvar sin eineherskar på toppen.


Verdas «operative sentrum» flyttar til Asia

Frå min ståstad i Kina kan ein observera at verdas "operative sentrum" er i ferd med å flytta seg austover frå Atlanterhavet til Aust-Asia. Russland  opnar seg austover og set grenser mot vest; etableringa av samarbeidsorganisasjonen RCEP, med tretti prosent av verdas folketal og tretti prosent av verdas økonomi, illustrerer også ei slik flytting. Når Kinas styrke om få år er mykje større enn USAs både finansielt, industrielt, handelsmessig og diplomatisk, vil USAs militære slagkraft vera til mindre nytte;  for fyrste gong på mange hundre år vil då verdas mektigaste land også vera  verdas mest folkerike land, og eit land som stiller seg solidarisk med  verdas utviklingsland, og med deira prioriteringar som rettesnor for utviklinga. Forvent at korta blir stokka om! 


Verktøy for utvikling

Den USA-leia verda har generelt sett få verktøy for bygging og utvikling, men eit god utval for frykt, påstått tryggleik og sanksjonar, og så litt uforpliktande prat om demokrati, verdiar og menneskerettar til pynt. Ei verd der Kina er drivkraft har mange verktøy for bygging og utvikling, men få verktøy for trugsmål og sanksjonar.


Oppsummering

Eg kom til Kina fyrste gong hausten 1979, og har opplevd ei utvikling utan sidestykke i verdshistoria; dei siste åra er retninga blitt tydelegare både med omsyn til utviklinga internt og Kina som global aktør. Vestverda likar ikkje denne retninga, og markerer dette både i ord og handling. Men nesten nitti prosent av folk i verda bur i utviklingsland, og for dei gjev Kinas tydelege sosiale utviklingsprofil både internt og ekstern ei von om utvikling og samarbeid. Det er godt nok for meg.


I denne verdshistoriske smeltedigelen har det vore mitt privilegium å bu i til saman 22 år, der dei siste to åra har vore samanhengande – det har gjeve innsikt i både Kinas sivilisasjon og min eigen.