Er Kina sosialistisk?

Kleppar
10.08.21 11:19 Comment(s)

Venstresidas berøringsangst overfor sosialistiske land

Venstresida i Noreg trivs best med sosialisme som teori, og har berøringsangst overfor sosialistisk praksis; mest tydeleg er dette overfor Kina; eit favorittema blant norske sosialistar er å melda at Kina no er blitt kapitalistisk. Problemet er bare at 1,4 milliardar kinesarar, og truleg meir enn eitt hundre land, meiner at Kina er sosialistisk.


På same vis som det er mange slags kapitalisme – frå utbyttingskapitalisme til velferdskapitalisme, kan ein også tenkja seg variantar eller stadier av sosialismen, tilpassa tid, stad, kultur og utviklingsnivå. Difor finn me både kinesiske marknadssosialistar og norske NATO-sosialistar.


«Sosialisme med kinesisk særpreg» kallar Kina sitt system; eit eksperimenterande system som er fundert på verdiar som er i harmoni med kinesisk kultur og tradisjon.


Her er nokre viktig kjenneteikn:

  • viktige produksjonsmiddel og i praksis alt land er offentleg eigd; privat kapital er underlagt politisk styring
  • systemets hovudoppgåve er å betra levekåra for det breie lag av folket både med omsyn til helse, utdanning, materiell levestandard, kultur og deltaking i arbeidsliv og politikk
  • systemets teori er marxisme, og verdigrunnlaget er kollektivisme
  • Kinas utanrikspolitikk er anti-imperialistisk og arbeider for meir demokrati i internasjonale organisasjonar
  • landets utvikling og system er til inspirasjon for mange land i den tredje verda
  • under sosialismen er det også konflikt mellom ulike interesser og klassar, og verken produksjon, fordeling eller demokrati er utvikla til fulle
  • sosialistar i eit stort og komplekst samfunn som Kina legg vekt på kompetent og til dels sentral styring, medan sosialistar i Noreg truleg legg større vekt på maktfordeling


Det kinesiske folket såg i tillegg ei anna oppgåve for sin sosialisme – å atterreisa den kinesiske sivilisasjonen etter over hundre års audmjuking frå vestleg imperialisme.


Viss Kina er kapitalistisk........

Viss Kina er kapitalistisk må all utvikling landet har oppnådd – 850 millionar ut av fattigdom, dramatisk auke i materiell levestandard, helse og utdanning - takast til inntekt for kapitalismen, og konsekvensen blir at ikkje noko kjent system er meir effektivt for å betra fattige lands kår enn kapitalisme.


Og om ein hevdar at Kina var sosialistisk, men ikkje er det lenger, lyt ein forklåra når dette skiftet fann stad.


Til sist: Om ein meiner Kina ikkje er sosialistisk, korleis skal ein då forklåra at landet er utpeikt som systemisk hovudfiende i det kapitalistiske Vesten?