Ein krig utan grunn?
I denne artikkelen skal eg gjera med Russlands krigføring i eit anna land det same som dei fleste politikarar i Vestverda gjer med si eiga uinviterte krigføring i andre land – forstå og freista forklåra utan å fordømma. Eg gjer heller ingen freistnad på å kommentera krigen og spekulera om eventuelt utfall - det er altfor tidleg.
Den som bare les vestlege media og stort sett lyttar til vestlege politikarar trur kanskje at Russlands syn på verda spring ut av ein gal diktators fantasi, men faktum er at synet på verda som Russland og Putin har forfekta i mange år - ei verd med FN som referanseramme og ikkje ein amerikanskdominert "regelbasert orden", ei multipolar verd, ei verd med respekt for andre lands tryggleik, suverenitet og politiske system, osv. har stor gjenklang utanfor den vestlege bobla, og er mykje meir i tråd med ei framtid der USA i lag med nokre små og mellomstore vestlege land ikkje spelar ei dominerande rolle.
Min påstand er at Russland har eit mykje mindre forklåringsproblem for åtaket på Ukraina enn Vestverda har for NATOs åtak på til dømes Libya, som heile det norske Stortinget støtta. NATO tok livet av Gaddafi og skrytte av det; Zelinski er ikkje teke til fange. Kanskje er vår moralske indignasjon overfor Russland i Ukraina, men ikkje overfor NATO i Libya, enklast å forklara med geografi og rasisme – nære europeiske liv er meir verd enn fjerne nordafrikanske. Likevel; at USA kan kriga utan sanksjonar med vaskepulver som bevismateriale i FN, medan moral-industrien er på høggir overfor Russland, seier litt om kven som framleis eig den store forteljinga i Europa.
Frå min ståstad i Kina – eit land som ikkje støttar Russlands krig i Ukraina – opplever eg mykje av Vestverdas informasjon om denne konflikten som bortimot uleseleg propaganda. Kinesiske media informerer nøytralt og analytisk, og gjev god bakgrunn for å forstå konflikten. Det blir antyda av fleire analytikarar at eit nøytralt Ukraina kunne vore ei løysing; fleire noterer seg også (med stor interesse) Vestverdas mangel på gangsyn og ein realistisk strategi, kombinert med maktesløyse, overfor ei atommakt som kjenner seg truga.
Bakgrunn
NATO blei oppretta med ein definert fiende - Sovjetunionen. Då Warszawapakta blei avvikla låg alt til rette for eit sameint Europa, som både Gorbatsjov og Putin tok til orde for; det er også godt dokumentert i referat frå mange politiske samtaler at det eksisterte ein «gentlemensavtale» om at NATO ikkje skulle ekspandera austover etter sameininga av Tyskland. Ingen seriøse analytikarar nektar for dette. Blinken og Stoltenberg, som meiner at noko slikt ikkje fins, meiner visst at toppolitikarar som møtest og gjev lovnader bare pratar saman som privatpersonar!
Alle som nokon gong har vore i forhandlingar burde forstå at det ville vore rimeleg å forventa at avviklinga av Warszawa-pakta og tilbaketrekking av troppar frå Aust-Europa skulle fylgjast opp med tilsvarande tiltak frå NATOs side. Men det skjedde aldri; tvert imot blei NATO frå midten av nittitalet utvida i fleire omgangar. Fram til no har Russland vist eit forbausande strategisk tålmod overfor denne ubalansen, men ikkje sei at me ikkje er blitt åtvara.
Argumentet i Vestverda for utviding har gjerne vore at NATO ikkje ein ein krigsallianse, men ein fredsallianse. Land utanfor den vestlege bobla kjenner seg ikkje att i ei slik framstilling – verken Kina, Serbia, Syria, Libya, Irak eller svært mange alliansefrie land - og det er lett å argumentera for at NATO fyrst og fremst er ein reiskap for USAs globale ekspansjon.
NATO er eit tilsynelatande medlemsdemokrati, men ingen er i tvil om at det er USA som i røynda bestemmer.
NATOs prinsipp om at land sjølve kan velja form og tilknyting for sin nasjonale tryggleik er eit livsfjernt prinsipp. Det er sjølvsagt utenkjeleg at Russland eller Cuba kunne blitt medlemmer i NATO om dei var aldri så demokratiske, ei heller at USA ville akseptert ein russiskstøtta fargerevolusjon med løfte om forsvarspakt i Mexico. Vår største alliansepartnar, USA, har i praksis heile verda som si interessesfære!
Den noverande konflikten i Ukraina er ikkje til å forstå utan denne bakgrunnen; kort sagt er konflikten primært eit oppgjerd med NATO, sekundært med Ukraina.
Vil Russland okkupera Europa?
Politikarar og ideologar som i lang tid har nekta å godta verda slik ho er, vil påstå at Putins mål er eit nytt imperium. Men russiske politikarar er rasjonelle aktørar med eit godt grep på praktisk geo-politikk og vurdering av kva som er mogleg å oppnå. Styrkeforholdet mellom Russland og EU er overlegent i EUs favør, der EUs brutto nasjonalprodukt er ti gonger Russlands, forsvarsutgiftene er nesten fem gonger Russlands, og folketalet er tre og ein halv gonger Russlands.
Ukraina
Vestlege medias forteljing om demokratiet Ukraina mot diktaturet Russland er svært misvisande: Ukraina er både meir korrupt og mindre demokratisk enn Russland, og eit av Europas fattigaste land, dels styrt av oligarkar. NATOs faktiske uvilje mot forsvar av det påståtte ukrainske demokratiet viser alliansens impotens (spør Zelenski). Kanskje ikkje uventa når USA/NATOs krigsmakt hovudsakleg har brynt seg på ei rekkje småstatar utan ein avgjerande siger verken militært eller politisk dei siste tjue åra.
Vestverda, og spesielt USAs deltaking i dei ikkje-konstitusjonelle regime-endringane i Ukraina i 2014, det nye regimets totale neglisjering av Minsk-avtala (med støtte frå Vesten), undertrykking av russiske minoritetar, støtte for Ukrainas opptak i NATO, samt opprustninga av Ukraina for å gjera landet til ein NATO-medlem i gavn, men ikkje i navn, er viktige hendingar for å forstå Russlands syn på noverande ukrainske styremakter.
Eit europeisk tryggleiksregime
Vestverdas arrogante avvising av Russlands ganske fornuftige framlegg til eit nytt europeisk tryggleiksregime presentert i desember 2021 gjorde det klårt for Russland at NATOs idé om tryggingsforhandlingar i praksis ville vore tidtrøyte utan substans og røykleggjing for NATOs vidare ekspansjon.
Eit eksistensielt trugsmål
Vestverda har i nesten tjue år kriga mot meir eller mindre imaginære fiendar. At ingen framande makter på meir enn hundre år har truga USAs territorium har ikkje hindra landet frå å starta ei rekkje angrepskrigar, mange av dei med NATOs deltaking. Då burde det ikkje undra oss at Russland kjenner seg truga av militær ekspansjon og høgst reell militær infrastruktur nær si vestgrense.
Kanskje er hovudsynda til Vestverda ein umåteleg arroganse overfor land med prioriteringar som går på tvers av våre idear om korleis verda skal byggjast og tryggjast, slik at me ikkje oppfattar at andres interesser kan vera like legitime som våre; for enten må ein konkludera med at heile det politiske apparatet i Russland er forrykt, eller så bør ein skjøna at Russland oppfattar utvidinga av NATO og avvisinga av Russlands framlegg for europeisk tryggleiksarkitektur som eit eksistensielt trugsmål verd ein krig.
Ei ny verdsordning tek form
To hendingar dei siste tre åra tyder på at me er på full fart inn i ein multipolar tidsalder med til dels nye og mektige aktørar: For det fyrste fortel Kinas overlegne smittevern under pandemien mykje om landets praktiske styrings-kapasitet og folkets oppslutning om nasjonale prosjekt slik dei blir definerte frå tid til annan. For det andre burde Russlands militære svar på NATOs ekspansjon med ein effektivt gjennomført invasjon i Ukraina, med NATO som sanksjonsveiftande statist, fungera som ein effektiv kalddusj for Vestverdas hybris.
Nærsynte politikarar i Vestverda ser ikkje at det er NATO/USA som i global målestokk er aggressive, og at den einsidige fordømminga av Russland nett no (som om ikkje NATO har gjort seg skuldige i verre brotsverk), er hyklersk.
Vestverdas praktiske politikk overfor andre land har få prinsipp å vera stolte over. Kampen mot «autokrati» som Vestverda mønstrar for kan ikkje vinnast stilt overfor eit ressursrikt Russlands på heimebane, eit styringskompetent Kina med industriell styrke, og store deler av resten av verdas uvilje mot å velja side. Hugs at «det internasjonale samfunn» som ein ofte refererer til i Vestverda tel mindre enn 15 prosent av verdas folk.
Vestverdas demonisering og delegitimering av politikarar i Russland, Kina, Iran og andre land dei ikkje likar er som å pusta dogg på eigne brilleglas; det hindrar orienteringsevne og klårsyn, og forserer dermed Vestverdas krympande globale makt.
Ikkje minst burde eit Europa merkt av mange krigar visst betre enn å fungera som handtlangar for USAs hegemoniske ekspansjon. Det kan visa seg å bli ein dyrekjøpt lærdom.
Fram med fredspipa både overfor Russland, Kina (og Iran) – me har alt å tapa og ingenting å vinna!