Sameksistens med koronaviruset?
Korona-viruset går ikkje bort, men kva form vår sameksistens med viruset skal ta er enno uviss. Dei aller fleste land, inkludert Noreg, går førebels inn for eit sambuarskap. I praksis har ein vald bort førebyggjing (altså smittevern) og satsa på behandling i staden, ja og so vaksinering. Aldri har det vore so mykje smitte i Noreg som no (november 2021); kor mykje alvorleg sjukdom dette fører til veit ingen. Me veit også at alle vaksiner er mykje mindre effektive etter om lag eit halvt år, og at lite tyder på at vestlege vaksiner er meir effektive over tid enn andre.
Det er nok ikkje demokratiet eller dyktige politikarar som har redda oss frå dei verste utslaga av pandemien so langt, men truleg det faktum at me bur i eit tynt befolka land.