Hundreårsfeiring

Kleppar
04.07.21 01:57 Comment(s)

Kinas kommunistparti eitt hundre år

Denne vesle artikkelen var publisert i Klassekampen som ein kritikk til avisa smale artikkel av Harald Bøkman, som i hovudsak handla om korrekt stiftingstidspunkt:


Kjære Klassekampen


Når det ein gong det skal lagast festskrift til Klassekampens sekstiårsdag ser eg fram til å bli kontakta som skribent. Artikkelen vil i hovudsak vera ei drøfting av nøyaktig stiftingstidspunkt for korrekt feiring av jubileet. Skal me feira utgjeving av månadsavisa, vekeavisa eller dagsavisa Klassekampen? Skal me feira tidspunktet då avisa blei levert til trykkeriet, eller tidspunktet då siste avis var ferdig trykt og ferdig for utsending? Harald Bøckmans artikkel om det kinesiske kommunistpartiets fødselsdag var omtrent like interessant som mitt framlegg til festskrift for KK.

 

Har KK ikkje meir å seia om hundreårsfeiringa til verdas største politiske parti, med over 95 millionar medlemmer -  eit parti som har vist seg kompetent både til kompleks geopolitisk planlegging og styring av økonomi og samfunn gjennom store globale kriser - ville ein vera best tent med å ikkje skriva noko.