Kinas nullsmittestrategi

Kleppar
27.12.21 00:36 Comment(s)

Har me noko å læra av Kinas nullsmittestrategi?

Det korte svaret som vestverdas media til har gjeve på dette spørsmålet er nei. Men er det så sikkert?

Om nokre år har me truleg gløymt dei mange avisdebattane om smittetiltak, rettsvern og menneskerettar, men vil vil hugsa at om lag 4600 døydde i verdas mest folkerike land, medan ein million døydde i USA, med 25 prosent av Kinas folketal.

Smitten i Noreg har aldri vore so høg som no (vinteren 2022), medan Kina i over eitt og eit halvt år har hatt smitte, korona-sjukdom og daude nær null, med ingen covid-19-daude sidan mai 2020. Noregs smittetal - om lag femten tusen per dag, overført på Kina, ville gjeve om lag fire millionar smitta per dag! I skrivande stund er det rundt hundre smittetilfelle per dag i heile Kina. 

Korleis Kina som verdas mest folkerike land handterer pandemien, og kvifor styresmaktene vurderer og handlar som dei gjer, burde interessera oss alle, for Kina er ikkje ei øysamfunn, som Taiwan, Australia og New Zealand, med mange naturgjevne føresetnar for godt smittevern. Tvert imot har Kina ei rekkje risikofaktorar som skulle tilseia rask smitte: Høgt folketal, mange storbyar med tett busetnad, mange naboland med stor grensetrafikk, god samferdsle i form av vegar, jernbane, fly og skip som kan spreia viruset, titals millionar som reiser både innanlands og utanlands, osv. Men mot alle odds utrydda Kina viruset ved å ta i bruk data-støtta ikkjefarmasøytisk smittevern - ein folkehelsebragd utan sidestykke. Med ein tilsvarande metode kunne USA hatt nokre får tusen daude, i staden for ein million, som det vil ha om kort tid. Men omkvedet i våre media har heile tida vore at eit slikt smittevern ikkje ville vore råd i våre samfunn, utan at det er blitt forklårt kvifor det er slik.

Bare tett ideologisk tåke kan forklåra kvifor media i vestverda er så interesserte i å setja Kinas overlegne pandemistrategi og tiltak i negativt ljos, kvifor ein meiner at landets dynamiske nullsmittestrategi ikkje er ein farbar veg ut av pandemien, og kvifor denne bare let seg gjennomføra i "autoritære land". Spesielt underleg er Vestens kritikk av Kinas nullsmittestrategi når me elles likar å slå om oss med nullvisjonar både når det gjeld trafikkdaude, drukning og arbeidsulukker. Og når kinesiske byar med over ti millionar innbyggjarar midlertidig stenger ned, er vestlege media snare til å rapportera om einskildpersonar som ikkje får nødvendig hjelp, utan å skriva om det store logistiske og administrative apparatet som er i sving for at ei slik nedstenging i det heile er mogleg å gjennomføra.

Helsestatistikken viser at Kinas strategi so langt har vore særs vellukka, med ca 4600 daude av covid-19 totalt sett. I Beijing (der eg bur), med folketal 22 millionar, er det totalt sett om lag 1200 smitta og ni daude. I Macau nær Hong Kong, ein by med omtrent same folketal som Oslo, er 77 smitta totalt (Oslo 200.000), ingen daude (Oslo 329). Både i Macau, Beijing og det meste av Kina har livet gått som normalt i over eitt og eit halvt år, med opne skular, kontor, butikkar og restaurantar. Den kinesiske sporings- og helseappen som har vore i bruk i godt over eitt år fungerer svært godt. Kina er i gang med vaksinering av aldersgruppa tre til elleve år (som er den siste gruppa som blir vaksinert), og ein tredje dose er no tilgjengeleg. Vaksinebiverknadar er eit marginalt problem. Kina er no blant landa i verda med høgast vaksineringsgrad (høgare enn Noreg), og med nær nitti prosent fullvaksinering  (i skrivande stund er det sett over 3 milliardar dosar). Vaksinering er frivillig og gratis. Over to milliardar kinesiske vaksinar er eksporterte til over hundre land; meir enn alle andre land til saman. Land som Kambodsja og Indonesia har fått god kontroll på pandemien nesten utelukkande ved hjelp av kinesiske vaksinar.

Kinas nullsmittestrategi har vore uendra i nesten to år: Kraftfulle og effektive tiltak (testing, sporing, isolering) ved lokale utbrot (rundt tretti til no), og elles generell bruk av munnbind under tak, temperaturmåling og skanning av smitteapp når ein går inn i butikkar, kontor og restaurantar, i tillegg til fysisk avstand, personleg og offentleg hygiene. Grensekontrollen, med minimum fjorten dagars hotellkarantene, er også svært effektiv.

 

Kinesiske ekspertar hevdar at denne strategien er best for helsa, samfunnsøkonomisk billigast og minst frustrerande for vanlege folk. Eigne observasjonar her i byen tyder også på at folk aksepterer både dei regulære smitteverntiltaka og dei meir drastiske ved lokale utbrot.

 

Kina held fast på sin nullsmittestrategi ("dynamisk utrydding"), av fleire grunnar:

- covid-19-dødelegheit, som er mange gonger høgare enn for influensa, gjer at det ikkje er helsemessig akseptabelt å fjerna smitteverntiltaka

- om lag 90 prosent av folket (barn, vaksne og eldre) må vera fullvaksinert for å oppnå god nok flokkimmunitet for sameksistens med viruset

- nullsmittestrategien kjøper tid for utvikling av nye vaksinar og behandlingsmetodar

 

Ifylgje det kinesiske CDC ville det vore over seks hundre tusen smitta per dag ved praktisering av eit smittevern tilsvarande det amerikanske; ved eit smittevern tilsvarande det franske ville det vore over fire hundre tusen. Det ville vore over ti tusen alvorlege tilfelle av covid-19. Det kinesiske helsestellet ville truleg ikkje hatt kapasitet til å ta seg av så mykje alvorleg sjukdom.

 

Sjølvsagt blir det også her drøfta når Kina kan opna, og svaret frå ein av dei fremste ekspertane her, Zhong Nanshan, er at når dødelegheit er 0,1 prosent og R-talet er mellom 1 og 1,5 kan det skje. For at dette målet skal bli nådd må heile folket vaksinerast for å oppnå flokk-immunitet, standard smittetiltak og kontroll må gjennomførast, og effektiv behandling må utviklast. For tida blir sjukehus oppgraderte med nødvendig utstyr i tilfelle mykje sjukdom etter opning av samfunnet. Det er god grunn til å tru at ei slik opning vil vera grundig planlagt og førebudd.

Nesten alle land ynskjer eit smittevern som hindrar sjukdom og reddar liv, og som er så lite inngripande i dagleglivet som råd er. For dei fleste vestlege land har dette resultert i ein vinglestrategi som til tider har vore særs inngripande, ført til stor folkeleg frustrasjon, og vore samfunnsøkonomisk kostbar; frå ein smittevernssynstad heller ikkje serleg vellukka.

 

So langt har derimot Kina med sin nullsmittestrategi, kombinert med gode nok vaksinar (lette å akseptera fordi dei er bygde på utprøvde metodar og har få biverknadar) lukkast godt, sjølv om landet i utgangspunktet hadde færre helseressursar enn dei fleste vestlege land. Forklaringane er mange, både relatert til system, kultur, verdiar, produksjonskapasitet for medisinsk utstyr, og tiltru til styresmakter og ekspertar. Kanskje den viktigaste grunnen til at Kinas «krigsretorikk» har lukkast betre enn vår «dugnadsretorikk» er ei politisk leiing og ei forvaltning som har handla raskt, med godt kommuniserte og tydelege mål, og som med god organisering og mobilisering, med minimal bruk av ordensvern, har fått fram det beste i folket til å kjempa mot koronaviruset.