Skal kampen mot koronaviruset vera frivillig?
For nesten to år sidan meinte mange i Noreg at Kina overdreiv sine åtvaringar om koronviruset, og at det ikkje var farlegare enn ei alvorleg influensa, eller i verste fall ein epidemi som ville gå over etter nokre månadar. Med slike premissar var det sjølvsagt ingen grunn til katastrofeplanleggjing, og all grunn til å kalibrera smittevernet for ein kortvarig, frivillig dugnad. Men grunnlaget for den norske optimismen frå januar 2020 uttrykt av både dei ansvarlege for folkehelse og politikarar skulle visa seg svært sviktande.
Her er mine observasjonar so langt (desember 2021):
Det er ganske vanleg å katastrofeplanleggja for verst tenkjeleg utfall, men det ser ikkje ut til å ha vore tilfellet med omsyn til pandemien. Opninga av Noreg i haust er døme på planleggjing med tanke på mest optimistisk utfall.
Ein annan observasjon er at Noreg (og svært mange andre land) har plassert pandemi i ein frivilligheitskategori, i motsetnad til trafikk og tryggleik på arbeidsplass, som i hovudsak tilhøyrer ein forbod/påbodskategori. Sjølv om bare 150 døyr i trafikken i året, er det ingen som ville funne på å erstatta trafikkreglar med trafikkråd. Men pandemien, som tek livet av langt fleire, er altså i frivilligheitskategorien, der råd, ikkje påbod, er gjeldande. Etter mitt syn har denne "kategorifeilen" ført til endelause juridisk-etiske diskusjonar om individuelle rettar, som juristar, politikarar, filosofar, journalistar og lekfolk tek del i med liv og lyst.
Ein konsekvens av frivilligheita er at hovudmetaforen for smittevernet har vore dugnad, og ikkje kamp eller krig. Kva gjer det med innsatsen?
Noreg har også vore ein etterdiltar og ikkje ein pådrivar for internasjonalt samarbeid; heller ikkje spesielt gavmildt med omsyn til å gje vaksiner til utviklingsland; gåva tilsvarar litt mindre enn ein dose per norsk innbyggjar, altså fem millionar.
Ein siste observasjon er kor sjølvgodt det offisielle Noreg er med omsyn til eigen innsats og resultat. Fleire land og område, med langt færre ressursar, fleire grenseland og langt større folketettleik, har meir vellukka smittevern enn rike og tynt befolka Noreg.