Kan Noreg handla med Kina?
(Dag og Tid, 17. september 2021)
Journalist Todals karakterdrap på det moderne Kina i Dag og Tid 10. september er typisk for den nye kaldkrigsjournalistikken. Vis meg det landet som ikkje ville reagert skarpt på skuldingar om indoktrinering, personkultus, diktatur og slavearbeid?
Todals Skrekkvelde-Kina (med eit synderegister lånt av USA) fins i hans hovud og manglar kjeldekritikk, nyansar og referansar til historie og kultur. Knapt nokon kinesar ville kjent seg att i Todals karakteristikk, verre er det at med slik journalistikk er frykta for «den gule fare» ikkje langt unna.
Kina er ein mangfaldig sivilisasjon med mange problem, men ikkje eit monolittisk diktatur med ein eineherskar på toppen.
At strukturar og system for politiske prosessar i Kina er ulikt våre, er ikkje prov på at dei manglar; at landet vektlegg andre og meir kollektive menneskerettar enn våre, gjer heller ikkje landet menneskerettslaust.
Kinas modell for utvikling av politikk er drøftande, konsulterande og planmessig gjennomført, deretter grundig evaluert. Systemet tek opp i seg både konfutsiansk filosofi, sosialismens rettferdsetos og marknadsøkonomiens konkurranse. Det er meritokratisk, med krav til leiarskap både med omsyn til resultat og ansvar. Målet er materiell og kulturell utvikling av det kinesiske samfunnet, der eit sterkt Kina skal finna sin rettmessige plass i ei multipolar verd.
Medan «demokratar» i Vesten dei siste åra har streva med alt frå stagnert økonomi og manglande tru på demokratiet til ein lite vellukka kamp mot koronaviruset, kan «diktatoren» Xi Jinping, med eit 95 millionar medlemmers kommunistparti i ryggen, notera synberre resultat både med omsyn til kamp mot korrupsjon, utrydding av absolutt fattigdom, utviding av velferd og velstand, ei vriding frå vekst til kvalitet, eit reinare og grønare bymiljø, digitalisering av dagleglivet kombinert med kontroll av store teknologikonsern, vellukka kamp mot koronaviruset med tydeleg prioritering av liv framfor økonomi – alt dette utan å løysa eit skot i andre land, og med eit smidig, men ikkje tannlaust diplomati. Ikkje rart at meir enn 90 prosent av folket i Kina meiner at deira samfunnssystem har levert over all forventning både i form av velstand, menneskerettar og fridom.
Om Kina er vanvørd i Vesten, er landet eit førebilete, ein hjelpar, ein stor handelspartnar og ein viktig investor for dei fleste utviklingsland. Kina er også den viktigaste pådrivaren for ei meir rettferdig verdsordning.
Todal målber Vestens idé om ein verdibasert handelspolitikk; soleis skal ein norsk-kinesisk frihandelsavtale vera noko Kina skal gjera seg fortent til. Kina har eit langt meir pragmatisk syn på handel, slik ein er nøydd til når ein er største handelspartnar til nesten 150 land. Derfor handlar Kina gjerne med både Noreg og USA, sjølv om begge landa har teke del i det Kina oppfattar som aggressive krigar i ei rekkje land dei siste tiåra. Kinas handelspolitikk er likevel ikkje interessenøytral, og landet går ikkje av vegen for å bruka handelspolitikk når ein oppfattar at motparten blandar seg inn i innanrikspolitikk (Hongkong, Xinjiang) eller suverenitet (Taiwan).
Kina ser på seg sjølv fyrst og fremst som solidarisk med andre land i den tredje verda, og ikkje som den nye supermakta. Ulikt Vesten, som ser sitt system som ei universell og standardisert eksportvare, har Kina ingen ambisjonar om å eksportera sin svært idiosynkratiske styringsmodell. Når Todal fryktar makta til «det totalitære Kina», legg han til grunn at eit sterkt Kina vil vera like aggressivt som eit sterkt Vesten; historia støttar ikkje eit slikt synspunkt.
Pandemien har vore eit vasskilje i synet på Vesten for mange kinesarar; her er noko av det dei undrar seg over:
- Kvifor meiner det krigførande Vesten så mykje om menneskerettar i Kina?
- Kvifor tek landet som deler ut Nobels fredspris, del i så mange krigar?
- Kvifor prioriterer det vestleg-demokratiske systemet økonomi framfor liv i ein pandemi?
- Kvifor tillèt ein at krigsforbrytarar går ustraffa, og korleis kan ein akseptera at politikarar ikkje blir stilte til ansvar for grov neglisjering og løftebrot?
Til sist kan det vera nyttig å bli mint på at Kina ikkje fyrst og fremst ser vesle og fredselskande Noreg, men vår rolle som Nato-medlem og USA-lojalist.