Jewell

Click to read about Jewell in English
Jewell nr. 6 (Stavanger)

Konstruert av François Vivier, 6 m lang, tomastra gaffelrigg, blyballast og senkekjøl; seglbåt for dagsturar og helger, med god overnattingsplass for to; bygd i kryssfinér/epoksy. Under overbygget er det plass til eit lite båttoalett og eit kokeapparat.  


Med ei vekt på bare 650 kg er Jewell er konstruert for sutelaus sjøsetjing frå tilhengar: meir informasjon på engelsk og fransk om Jewell her.    120 kg ballast i ein lang og grunn kjøl, og 30 kg bly i senkekjølen, gjer båten stabil; han kjennest meir som ein stabil kjølbåt enn ein jolle med senkekjøl. 


Jewell har to master, og er ein gaffelrigga "yawl" (ordet kjem truleg av jolle), med ein liten mesan plassert bak rorkulten (i motsetnad til ein ketch, som har ein større mesan gjerne plassert framfor rorkulten).


Jewell har både vrikkeåre (ei åre akterut), eitt årepar, og plass til ein fire til seks hestars utanbordsmotor.


Jewell er for ho eller han som vil ha:

  • tradisjonelle linjer og klassisk rigging som er både enkel og effektiv

  • moderne materialar med lite vedlikehald

  • ein båt utan komplisert mekanikk og elektronikk


Jewell tek inspirasjon frå den tradisjonelle seglbåten og arbeidsbåten brukt i Biscaya-bukta; han er både ein rask seglar og ein framifrå sjøbåt.
Ikkje minst er Jewell ein båt for den som vil ha noko anna enn masseprodusert glassfiber - Jewell blir lagt merke til (og beundra)!


Nick Newland frå Swallow Yacths har skrive ein interessant artikkel om tomastra rigging; les artikkelen What´s the Point of Two Masts?

Jewell nr. 6 - Stavanger

Jewell nr. 6 foto

Jewell Fontana (Perth, Australia)

Stir Ven 19 og 22

Stir Ven 19 cabin

Stir Ven er konstruert av François Vivier, og  kjem i fleire variantar:

  • 19 fots med eller utan overbygg
  • 22 fots med lite overbygg

Stir Ven 19 er ein rask, gaffelrigga seglbåt for dags- og helgeturar, med overnatting for to. Stir Ven har senkekjøl, og kombinert vass- og blyballast for låg vekt; bygd i kryssfinér/epoksy; meir informasjon på Viviers nettstad her.


Sjå foto av Stir Ven 19 cabin her.

Méaban

Konstruert av François Vivier; 6,8 m lang klassisk, men samtidig moderne, gaffelrigga seglbåt med blyballast og senkekjøl; overnattingsplass for fire personar; bygd i tre eller kryssfinér/epoksy. Senkekjølen er konstruert slik at han ikkje tek innvendig plass; kokeplass, god innvendig lagringsplass, lite toalett, uttrekkbart kartbord og spisebord som kan leggast ned.


Båten har brønn for utanbordsmotor (4-6 HK), og motoren kan skjulast heilt;  propell plassert rett framfor roret. Sjølvlensande førarrom.


Sjå meir informasjon på Viviers nettstad (tekst på engelsk).


Sjå foto av Méaban her.

Artiklar på fransk om Méaban

Artiklar om Méaban på fransk

Pen-Hir

Konstruert av François Vivier; 7.5 m lang gaffelrigga, langkjøla seglbåt med overnattingsplass for ein familie. Pen-Hir er bygd i tre eller kryssfinér kombinert med epoksy. Riggen er konstruert utan at det er nødvendig med vinsjar; ideell motorframdrift er ein elektrisk Torqeedo med separate batteri (ein tihestars bensin-utanbordsmotor passar også).


Les meir om Pen-Hir på Viviers nettstad her (tekst på engelsk).


Sjå foto av Pen-Hir her.


Sjå artikkel om Pen-Hir i Classic Boat her.

Artiklar på fransk om Pen-Hir

Artiklar på fransk om Pen-Hir